Ein bodskap som når inn

06 september 2017

Av: Nils Jøssang, administrasjonsleiar region Sogn og Fjordane

Eg er vaksen opp i ein misjonsorganisjasjonstradisjon, eit frykteleg langt namn forresten. Noko av essensen i denne, som eg trur ligg langt framme i alle kristne misjonsorganisasjonar, er at menneske må bli vunne for Jesus. Komme til tru. Bli frelst. Kjært barn, mange namn. Den siste formuleringa «frelst» har fått noko hard medfart i mediebildet i Noreg det siste året og mange i landet vårt har heller dårlege assosiasjonar til dette.

Men det er ikkje usunne leiarar og kulturar, manipulerande verkemiddel eller ovanfrå og ned-haldningar eg tenkjer på når eg trekker fram dette. Eg tenkjer på den varme og hjartefølte nauda etter at menneske skal få eit møte med Jesus. Hans grenselause kjærleik, som tar imot oss med opne armar, tilgir synd, gjenopprettar og set fri. Eg tenkjer på ein kjærleik for menneske rundt oss og ei tru på at Jesus er svaret på våre djupaste behov.

Ut frå denne kjærleiken er bedehus reist, barnelag starta, bønegrupper samla og leir-stadar utbygde. Eit hjarte for folk får alltid ei form, eit uttrykk, som er meint å treffe mottakaren best mogleg. Ein som vil utrykke sin kjærleik for si kjære, vil alltid være opptatt av å gjere det på ein måte ho tar imot. Om det er blomar, gode ord eller praktisk arbeid i hagen er underordna.

Kristen tru i lang tid har prega områda våre, men vi merkar at tidene har endra seg. Opplegg som har fungert bra tidlegare, har kanskje ikkje same oppslutning? Måtar vi snakka om kristen tru på før, når kanskje ikkje inn på same måte lengre?

Er ikkje folk opne for Jesus lengre? Jo, Jesus har sagt at hausten er stor. Men er vi villige til å sjå på om måten vi formidlar hans kjærleik på når inn til menneske? Nokre gonger fortset vi med det vi alltid har gjort fordi det veit vi at vi har fått til, det har fungert og vi er trygge på det. Men kjærleiken er aldri nøgd med å ikkje nå fram. Til og med om det betyr at han må ut i nytt land, finne nye måtar, for å bli forstått. Er vi villige til å elske?

Alt å vinne – ingenting å tape!

30 juni 2017

Det er nærliggande å spørje, når Normisjon feirar 150 år, om det som kjenneteikna den rørsla som Lars Olsen Skrefsrud og Hans Nielsen Hauge starta, framleis er å finne blant oss. Er dei same drivkreftene hjå oss, som hjå dei som på Herrens kall vandra teneste-vegen før oss? Vi, som dei, har Guds Ord, Guds Ande, vi har del i Guds nåde. Men får det skape rørsle? Får det skape oppbrot? Gjev det mot til å vandre nye vegar? Er her ånds-kraft i Normisjon i dag?

Ein forskjell er at vi har ei heil historie bak oss, ei historie som rommar mykje flott. Det hadde ikkje dei, ikkje på same måte. Kan det vere at vi nokre gonger er for opptekne av å hegne om historia i staden for å leve i kontinuitet med henne? Kan det vere at vi kjenner at vi har for mykje å tape? Og føler vi samstundes på at vårt eige sekulære samfunn har stengt oss inne i eit lite, irrelevant bur borti ein avkrok – så vi også meiner vi har lite å vinne?

Alt å tape – ingenting å vinne. Det er eit dårleg slagord for Normisjon. Det er eit slagord for stillstand, frykt og tilbakegong. Paulus ser annleis på det. Han skriv i brevet til Filipparane 3,7 og 9: Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus.

Paulus har alt å vinne – ingenting å tape. Det er eit slagord for rørsle, fellesskap og framgong. Dette er ungdommeleg glød over ein Paulus i 50 åra. For han er det å halde fast i tidlegare gode skussmål og oppnåingar meiningslaust. Å vinne Kristus handlar ikkje om å fortene frelsa, men å ta imot det Jesus gjev, og så leve utifrå det. Då vert nøden og gløden stor for å gå med evangeliet til nye generasjonar og folkeslag. På måtar som vinn fram. Sjølv om samfunnet verkar lunkent, jamvel fiendtleg innstilt ovanfor bodskapen vår, så har vi alt å vinne.

Å verkeleg kjenne Kristus: det er den åndskrafta vi treng. Det er arven og historia vi forvaltar i skiftande tider!

Tid

04 april 2017

Av: Katarina Aabrekk, Acta-arbeiar Sogn og Fjordane

Kva bruker du tida di på? Tenk deg litt om. Bruker du tida på det du burde eller skulle gjort, eller bruker du den på det du syns er viktig og verdifullt, noko du verkeleg brenn for?

Tida vår er verdifull. Vi er skapte av Gud og har fått livet i gåve. I kvardagen vår har vi mogelegheit til å vere Jesu hender og føter akkurat der vi bur. Mogelegheit til å sjå menneske og til å vise Guds omsorg og kjærleik i praksis. Det betyr ikkje at vi skal stresse med å utnytta kvart einaste minutt til det fulle og slite oss ut på det, men kanskje skal vi stoppe opp og tenkje gjennom kva vi synest er viktig og kva Jesus synest er viktig. Er der nokon som treng oss, nokon vi kan vere til stades for? Dette kan vi legge fram for Gud i bøn.

Vidare må vi kanskje rydde plass i liva våre. Dersom kalenderen alltid er full, og hovudet endå fullare, er det vanskeleg å vere til stades - både i eige liv og i andre sine liv.

 Investering i andre menneske er aldri bortkasta tid. Kva med å investere i dei unge? Der er så mange spørsmål, så mykje om Bibelen og trua dei ønskjer seg kunnskap om. Men ikkje berre det; dei treng også gode førebilete. Nokon som kan peike på Jesus for dei, og vise vandringa med Jesus gjennom eit kvardagsliv. Eg ser at det betyr noko for ungdomane når dei som er litt eldre har lyst å bruke tid saman med dei. Og eg veit for min eigen del at det betyr mykje når andre tek seg tid til å lytte. Kva med å investere av tida di i naboen som ikkje lenger har helse til å gå ut? Bake rundstykke og ete kveldsmat saman? Eller kva med å investere tida i born, kvinner og menn som sit og ventar på om dei får bli i Noreg. Som har flykta frå krig, og no lever i uvisse og frykt? Dei kunne verkeleg trenge tida og omsorga vår.

Vi treng alle å bli høyrde og sett, og alle har vi behov for råd og vegleiing, oppmuntring og forbøn. Jesus seier at det vi gjer mot «ein av mine minste», har vi også gjort mot han.
Men start først med å bruke tid saman med Jesus, så kan Han få vise deg kva han synest er viktig.

Nytt år: nytt kall, ny nåde

30 januar 2017

Av: Vegard Tennebø, fellesskapsutviklar Normisjon Sogn og Fjordane

Det er mogleg du vurderer 2016 som nok eit år der det har gått på det jamne. Det jamne er bra, det – berre så det er sagt. Det meste av verdi i liva våre skjer her, på det jamne. Men det har skjedd ting ute i verda som ikkje kler skildringa «det jamne» så godt, ja faktisk i heimlege trakter også. Med kommunereformer, fylkesreformer, Brexit, Trump og kyrkjemøte går vi inn i 2017 med ei viss undring. Nokre kjenner på uro, andre på ei sitring i kroppen, ja nokon kjenner på frykt. Verda er i endring.

150 år som Normisjon i 2017
Den 26. september 1867 vart grunnsteinen lagt til det første huset på misjonsstasjonen Ebenezer i Benagaria, India. Og Santalmisjonen var i gang. Eks-fangen og den kriminelle Lars Olsen Skrefsrud fann nåde hos Gud, fekk eit kall og reiste til ei verd han ikkje kjende, til folk heilt ulike han sjølv. Gjennom arbeidet sitt for santalane i India finst det i dag ei kyrkje med over 500 kyrkjelydar fordelt på 5 ulike bispedøme.

Så stor er Guds nåde. Så sterkt er Guds kall. Dette og den rørsla det skapte, lever ennå hos oss.
Normisjon sitt kall: Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag: Det er ikkje i endring! Uavhengig av tider, om det er ro eller ustabilitet; får vi gå vidare med kallet vårt om å løfte namnet Jesus høgt. Eg les sæleprisingane i starten av Bergpreika (Matt 5) som eit særleg kall til oss kristne i vår tid: å vere bringarar av og forkjemparar for rettferd, fred og miskunn inn i ei tid der debattar vert harde, frontar er kalde og forakta for folk som tenkjer annleis ser ut til å auke. Der skal vi få komme med noko anna. «Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born».

Og den einaste måten vi kan gjere det på, er å vere totalt avhengige av nåden i Jesus Kristus, og på ny verte forma av denne nåden sjølve. Det er enorm sprengkraft i det! Det var det for Lars Skrefsrud – det er det for oss.
Så lat oss vere den rørsla vi er. Saman er vi Normisjon!