Har du lyst å bidra i Acta/Normisjon Sogn og Fjordane?

Vi har stadig behov for frivillige i både det lokale og regionale arbeidet vårt.


 

Oppgåvene kan vere 
- Praktiske; som til dømes å hjelpe til på kjøkenet på leir,delta på dugnad, gjere praktiske oppgåver i eit barnelag eller i ei vaksenforeining, eller brette brosjyrer på regionkontoret. Utan frivillige som hjelper til praktisk kjem vi ikkje langt! 
- Leiaroppgåver; som til dømes å vere med som leiar på leir (eit fang å sitje på for ein leirunge kan vere like viktig som å det å stå framfor alle og snakke), vere leiar i eit lokallag, halde andakter osv. 
- Bønearbeid; vi trur at bøn for arbeidet vårt er avgjerande for å lykkast. Bli gjerne med i Be-gjengen: Då får du bøneemne på SMS omlag anna kvar veke. Send melding til tlf. 92 13 12 19 dersom du vil vere med i Be-gjengen.

Ta gjerne kontakt med oss!