Nordfjordsommar

Første veka i juli samla regionen, saman med KRIK, over 200 stk. frå heile landet til Nordfjordsommar.

Vi håpar på ei lang rekke av slike årlige friluftsfestivalar. Nordfjord folkehøgskule var stadender over 100 barn med foreldre fekk boltre seg i vestlandsk natur. Dei fekk prøvd seg på fjellklatring og stisykling, kajakkpadling og bading i brevatn, lage pizza på bål og mange andre aktivitetar. Og tenk: ikkje ein regndråpe heile veka!

«Tru på tur» var tema og forkynninga handla om Gud som turleiar, fellesskapet som turkameratar og Jesus som bergingsmann. Acta sit leirteam var tungt inne med forkynning og aktivitetar for borna.

Vi delte oss i faste turgrupper og hadde stovemøter på kveldane, så ein stappfull leir, makta likevel å tilrettelegge for tette relasjonar. Tilbakemeldingane har vore overveldande gode. Fantastisk kjekt! Vi gler oss allereie til neste Nordfjordsommar.