Nytt år på Sunnfjord folkehøgskule!

Ein glad gjeng stipendiatar på Sunnfjord Folkehøgskule.
Foto: Arne Håberg

Ni elevar skal vere stipendiatar på Sunnfjord Folkehøgskule, og er dermed klare for å gå i gang med sitt andre folkehøg-skuleår.

Dei har vore gjennom ei helg med kursing, førebuing og planlegging, og gler seg til eit nytt skuleår med heilt nye oppgåver. Skulen satsar større enn før på stipendiatane og bruker meir ressursar for å få til eit godt opplegg. Det går ut på at dei skal få eit betre leiartreningstilbod og betre oppfølgjing gjennom skuleåret, og at dei andre elevane skal få eit endå betre tilbod saman med stipendiatane og personalet.

Helga før skulestart og reiste stipendiatane til rektor sin sommarbustad på Grønenga for å riste seg saman og førebu seg på det som ventar når elevane skal kome. Dei får vere med på ei sjølvvalt linje, og i tillegg får dei sju timar i veka med fagleg oppfølgjing i eiga gruppe. Deira første utfordring blir å ta imot dei nye elevane på ein slik måte at dei kjenner seg heime, trygge og ivaretekne, og det er ein glad og motivert gjeng med stipendiatar som er klare for eit nytt år ved Sunnfjord Folkehøgskule!