Det skjer i Acta

Leirsommaren er over – nye leirar og andre Acta-arrangement er i vente!

Sommar betyr leirsesong i Acta Sogn og Fjordane. Denne sommaren har det vore fem leirar. Minileir, tweensleir, Nordfjordsommar, familieleir og Tenleir. Og mange små og store har fått bruke delar av sommaren på å bli kjent med Jesus gjennom å vere leiar eller deltakar på nokre av leirane.

Sommarteamet bestod i år av Ane Marte Warvik, Frida Bjørnereim, Maria Lade, Linda B. Bakke og John Ruben Landøy. Dei nytta sommaren til å tilrettelegge for at barn og unge i regionen vår skulle få unike leiropplevingar, bli kjent med Jesus og få minner for livet gjennom leik, moro, konkurransar, undervisning og god mat! Sommarens tema var «Tilgjeving», og teamet og andre underviste om kor viktig dette er. At vi er tilgitt er jo fundamentet i trua vår! Det har vore ein spennande sommar. Nye har møtt Jesus og vi har fått sjå at han verkar i oss! Både hos små og store.

No ligg hausten framfor, og nye leirar er under planlegging. Det blir tre leirar denne hausten. Tenleir og tweensleir på Fjordly og fellesleir på Teigen. I tillegg blir det storsamlingar, ungdomsmøteveke i Førde, lagsbesøk, og mange møte med nye menneske. I slutten av september kjem ei heil klasse frå Bibelskulen i Grimstad for å oppleve naturen, vere med på dugnad og ha lovsongskveld i Førde. Det er mykje å gle seg til, og vi ser fram mot ein ny Acta-haust. Ver med i bøn for arbeidet!

Sjå fleire bilde lengst nede.

Acta-arrangement hausten 2018:

30. september: Storsamling på Fjordly. Eige opplegg for barna.

Veke 40: ungdomsmøteveka i Førde. Meir info kjem.

5.-8. oktober: Haust-tenleir på Fjordly for ungdomskule og vgs. Pris: 850,-

12.-14. oktober: Fellesleir på Teigen. 1.-7. klasse. (1.kl. med følgje) Pris: 730,-

11. november: Storsamling på Fjordly. Eige opplegg for barna.

23.-25. november: Tweensleir på Fjordly, 4.-7. kl. Pris: 730,-

Påmelding via normisjon.no/sof/leirpamelding