Sosialarbeidaren Pippi

Pippi sit klar å ventar på elevane ved Nordfjord FHS.
Foto: Tord Hafnor. 

På skuleplassen på Nordfjord folkehøgskule sit det stadig vekk ein hund. Ho sit og speidar.

Ho speidar litt etter spennande ting, men aller mest speidar ho etter ein elev eller to som kan dele ut og ta i mot litt kos.

Elevane kjem, ein etter ein. Dei kosar og klemmer, stryk og klappar. Og når dei prøvar å gå vidare, får dei eit lite skubb av ein hundesnute i leggen, med bøn om endå litt meir kos. Og det blir det.

Sosialarbeidaren Pippi har alltid tid. Ho lograr og smiler. Ho lyttar til kven det skal vere, om kva det skal vere. Ho stiller ingen vanskelege spørsmål, sladrar ikkje, og er kjærleg og omsorgsfull mot alle.

1 Pippi + 130 elevar = sant.

Relatert innhold

Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule

Sunnfjord Folkehøgskule startar opp med god elevtilgang for det nye skuleåret, og med nye elevar kjem det også ny rektor. Han heiter Jon Olav Leira, og han avløyser Jorun Knapstad, som har vore rektor sidan 2006.

Read article "Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule"

Nordfjord Soulteens

Likar du musikk? Danse? Synge? Få nye vener? Vere rett og slett sosial? Då er dette noko for DEG!

Read article "Nordfjord Soulteens"

Sommarmodus

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli - 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Read article "Sommarmodus"