Kjøp kalender og lodd!

Flotte naturfoto for kvar månad. Framsidebildet er frå Refvik, teke av Jostein Hals. 

Region Sogn og Fjordane er i gang med sal av Dagsordkalenderen for 2019 med flotte naturfoto, dei fleste er frå Sogn og Fjordane. I tillegg har regionen fine premiar i Regionslotteriet som du kan vinne, samtidig som du støttar misjonsarbeidet.

Normisjon Sogn og Fjordane har levert bilda til endå ein ny Dagsordkalender frå Luther Forlag. Flotte naturfoto for kvar månad saman med eit bibelord for dagen, kan glede deg og andre i heile 2019. Ein kan kjøpe den for 160,- på regionskontoret, på Fjordly, Holmely og Innvik Fjordhotell, eller på julemessa på Stadlandet 10. november og på Sandane 24. november. Kontakt oss gjerne viss du vil hjelpe oss å selje den til inntekt for regionen. Den er også ei fin julegåve å gje til andre! Du kan kontakte oss på sof@normisjon.no eller 57 86 63 49. 

Fire av bilda frå Dagsordkalenderen 2019

Regionslotteriet er ei svært viktig inntektskjelde i ei slunken misjonskasse om hausten. Om det er fleire som kan tenkje seg å selje lodd for oss; ta gjerne kontakt! Lodda får ein kjøpt på regionskontoret, Fjordly, Holmely, Misjonsheimen og Teigen, julemessene, viss ein ikkje møter ein lokal loddseljar. 1. premien i år er gåvekort på kr 10 000 hos Hurtigruten på valfri strekning. Også andre fine premiar for ein kvar smak, sjå under. Trekning torsdag 13. desember.

Ein kan også kjøpe lodd ved å sende ein mail til sof@normisjon.no 
Skriv kor mange lodd du vil ha. Èi blokk: 10 lodd / 200 kr. Eitt lodd: 20 kr. 
Då får du loddnummera tilsendt på e-post. Pengane kan du sende på Vipps: #15646 Normisjon SOF, trykk på Regionslotteri lengst nede i menyen.
Eller bruk kontonummeret til regionen:  3000.14.71186



Relatert innhold

Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule

Sunnfjord Folkehøgskule startar opp med god elevtilgang for det nye skuleåret, og med nye elevar kjem det også ny rektor. Han heiter Jon Olav Leira, og han avløyser Jorun Knapstad, som har vore rektor sidan 2006.

Read article "Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule"

Nordfjord Soulteens

Likar du musikk? Danse? Synge? Få nye vener? Vere rett og slett sosial? Då er dette noko for DEG!

Read article "Nordfjord Soulteens"

Sommarmodus

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli - 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Read article "Sommarmodus"