Soul Childrenfestival

Arkivfoto. Foto: Annemieke Koopmans

Siste helga i oktober var det klart for den internasjonale Soul Childrenfestivalen i Oslo.

Her var kring 2200 barn og unge samla i Oslo Spektrum til lovsong og moro ei heil helg til endes. Sogn og Fjordane var representert med kor og leiarar frå både Måløy, Sandane, Breim, Olden og Davik. I tillegg var det kor frå lengst nord til lengst sør i landet, samt frå Sverige. Det var og gjestar og deltakarar frå både Tyskland og England.

I tillegg til dei over 100 kora baud også festivalen på sam-arbeid og møte med artistar frå England, USA, Norge og Sverige. Her kan vi nemne Lisa Børud, Serlina Sulebakk, Lin D, Samuel Ljungblad, Chip Kendall, Diane W. Clayton, m.fl. Kora gjekk i parade på Karl Johan, hadde konsert på universitetsplassen, og søndag avslutta dei med å invitere til festguds-teneste i Spektrum.

Ei stor oppleving å feire gudsteneste i fullsett spektrum. Les meir og sjå glimt på www.normisjon.no