Styreleiarskifte på Nordfjord folkehøgskule

Styret på Nordfjord folkehøgskule består av ein gjeng engasjerte menneske som arbeider jamt og trutt med å drive skulen framover.

I vår gav Einar Åbrekk vidare stafettpinnen som styreleiar til Ståle Austrheim. Einar har vore i styret heilt sidan 2006, og har slik vore ein stabil medspelar for skulen. Han har brukt kompetansen sin frå næringsliv og økonomistyring aktivt i styrearbeidet og har vore ei veldig god støtte for administrasjonen, samstundes som han har teke tak i ting som har vore nødvendige.
Gjennom heile perioden har synet for visjonen til skulen vore det viktigaste i styrearbeidet, og har prega samtalene.

Vi er takksame for alt Einar har bidrege med, og har fått ein veldig god arvtakar i Ståle.