60% stilling, årsvikariat for Actaleiar i Sogn og Fjordane; 2. gangsutlysing


Vil du ha ein utfordrande og spennande jobb der du får jobbe både med Jesus, barn og unge? Vi kan nemne leir, barnelag, Soul Children, administrasjon og leiing, ein spennande stab og ein organisasjon i utvikling!

Acta – barn og unge i Normisjon er ein av Norges største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar. Visjonen vår er «Grensesprengende fellesskap der barn og unge møter, følger og ærer Jesus Kristus».

Acta består først og fremst av over 600 lokale fellesskap, nær 30 av desse ligg i Sogn og Fjordane. Regionen er ein aktiv region, med eit bredt frivillig engasjement, og vekst i leir- og lagsarbeidet.

Vil du vere med på Acta-laget? Acta i region Sogn og Fjordane har ledig 60 % vikariat for Actaleiar.

Vi tilbyr:

  • Spennande stilling i ein vital stab
  • Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
  • Å vere med å byggje og utvikle Acta i Sogn og Fjordane
  • Løn og vilkår etter avtale i tråd med Normisjon sine lønsregulativ
  • (Stillingsstorleiken kan evt. aukast etter avtale)

Du har/er..

  • relevant utdanning og/eller anna relevant erfaring
  • gode evner til samarbeid, men er også sjølvstendig
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • kan stå inne for Acta og Normisjon sin visjon og verdigrunnlag
  • sertifikat og bil
  • du har og gjerne vore på leir før, har leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon!

Arbeidsoppgåver:

  • strategisk arbeid opp imot Actas mål og visjon
  • administrative oppgåver/ dagleg drift og personalleiing av Acta i regionen
  • PR, markedsføring og fundraising
  • ansvar for leir og lagsarbeid regionen
  • oppfølging av frivillige/ kontakt med born og unge

Søknaden sender du til Jesper.lemming@normisjon.no
Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar ogreferansar.

Ta kontakt på mail eller 902 29 018 om du lurer på noko.
Søknadsfrist: Tysdag 1.januar 2019 

Under finn du utlysinga som bilde-fil: