Julefeiring på Innvik Fjordhotell

23.-27. desember.

Lurer du på kva du skalfinne på i jula i år? Har du lyst på litt program i jula? Kanskje kan det vereein ide å ta seg ein tur til Innvik? Her slepp du garantert å vere åleine.
Det blir servert god heimelaga julemat. Programmet er variert, med kaffikos, bordkonkurransar, diktlesing, forteljingar og historier. Det er julemusikk på CD-ar. Det er fyr i ovnen, og gode samtaler. Det er juletregang, utdeling avjulepakkar, julesongar, kveldstankar og andakter. Det er kyrkjegang og morgonsamlingar.

Annbjørg Barane, Marta Fimreite, Arvid Larsen og John Jakobsen vil syte forprogrammet og delta i det sosiale fellesskapet, saman med staben på hotellet.

Prisar: kr 3.650,- pr. pers i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom: 800,-. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. pers. 
Program/info, telefon 57 87 49 90 el. på e-post: post@innvikfjordhotell.no.