Julemessene engasjerer

Vegard Tennebø under julemessa på Sandane.

Ingen november utan julemesser i Normisjon Sogn og Fjordane. Mange gjer ein kjempejobb for å skape gode julemesser.

Det blir både strikka, hekla, sydd, sylta, baka og mykje meir av mange menneske i førekant av julemessene. Gevinstar blir gitt, og allereie før julemessene er i gang, blir det samla inn mange tusen kroner gjennom loddsal på butikkar.

Stadt
Først ut med julemesse var Stadt 10. november. Ein god julemessedag; det kom bra med folk, Acta-leiar Stine Hopland hadde andakt på eine møtet og fortalde om kva Normisjon er og driv med på det andre møtet. Lokale folk leia møta og stod på med alt det praktiske arbeidet med ein slik dag. Det kom inn over 65 000 kr denne dagen – eit godt resultat.

Sandane
På Sandane var det julemesse 24. november. Også her blir det lagt ned ein kjempeinnsats av frivillige på Sandane / Vereide, i tillegg til at folk frå Hyen bidreg, og Normisjonsforeininga på Eid sender eit pengebidrag.
I år kunne ikkje Sandane Soul Children stille på julemessa, men tre unge jenter song så fint på første møtet at ein skulle tru dei var garva solistar, og ikkje at dei opptredde for første gong. Regionarbeidar Ingebjørg Isane Fure hadde andakt om det levande vatnet. På det andre møtet var det to større jenter som song så vakkert som jenter kan synge. Vegard Tennebø hadde andakt om «Det som berer oss over», med godt illustrerande forteljing frå eit flåteprosjekt i barndomen.
Mange var innom julemessa og fekk seg rømmegraut, kaker og salsvarer, lodd og gevinstar. Inntekta av julemessa vart ca. 57 000 kr.

Olden
I Olden har ein gått over frå å ha julemesse til ein basar til inntekt for regionen. Dei hadde basaren 20. oktober. Dette vart også ein flott dag med mykje folk, god stemning, fine gevinstar, song av Olden Soul Children, dikt og andakt av Sigrun Stokkenes, og sjølvsagt loddsal med trekking. Over 31 000 kr kom inn.

Regionen takkar og bukkar for all flott innsats med messer og basarar. Desse arrangementa er viktige inntektskjelder i tillegg til gode møtepunkt for fellesskap og for å dele evangeliet.

Mykje godt og fint å få på julemessene.