Dagleg leiar på Teigen frå 1. februar

Aud Norunn Vig

Det er ei glede å dele at Aud Norunn Vig er tilsett som dagleg leiar på Teigen frå 1. februar i 50 % stilling.

Aud Norunn Vig er gründer og anleggsgartnar i tillegg til fleire relevante erfaringar frå ulike jobbar og verv. Ho er dagleg leiar i sitt eige firma Kinn Hage og Trepleie i Florø med tre tilsette. No vil ho sleppe nye krefter til der i delar av si stilling, og såleis passar det fint å kombinere det med stillinga på Teigen. Sidan 2017 har ho vore medlem i Teigenstyret, og kjenner arbeidet på Teigen godt.

– I starten av arbeidsperioden ser eg det som viktig å kunne bli betre kjent med region Normisjon Sogn og Fjordane, både tilsette og andre leirstader i fylket, for å kunne organisere stillinga på ein måte som tener både organisasjonen sin visjon og Teigen som leirstad. Eg ønskjer også å betre kontakten med gjevarar og frivillige så vi kan danne ei god plattform for samarbeid, seier Aud Norunn om oppstarten.

Stillinga er ei prosjektstilling på eitt år i første omgang.
Normisjon Sogn og Fjordane ønskjer Aud Norunn hjarteleg velkommen!