Regionen har fått Actaleiar-vikar

Maria Dalsbø Tøsse

1. februar startar Maria Dalsbø Tøsse i stillinga som vikar for Actaleiar.

Maria kjenner godt til Acta og Normisjon region Sogn og Fjordane, og mange i organisasjonen og i leirarbeidet kjenner Maria. Ho var eittåring i Acta Sogn og Fjordane i 2006-07 og har elles vore mykje med på leirar.

Ho er utdanna faglærar i musikk, kunst og handverk og har i tillegg litt utdanning innan spesialpedagogikk. No fram til ho begynner i Acta, arbeider ho som lærar på ein barneskule i Ørsta, og er i tillegg 50% engelsk-student.

Maria har vokse opp på Stadt, men no busett i Volda kommune med mannen Rune, og dei har tre jenter. Det seier seg sjølv at ho er nødt til å ha ein del heimekontor, men ho er også førebudd på at det blir ein del pendling.

Noko av det Maria brenn for, er at menneske skal sjå kven Jesus er og gå ilag med han i kvardagen.

Staben i region Sogn og Fjordane er glade for å få Maria som kollega, og ønskjer henne hjarteleg velkomen!