Førde Normisjon satsar vidare

Visjonen til Førde Normisjon

I dette referatet frå årsmøtet til Førde Normisjon kan du lese kva foreininga har jobba med i året som har gått og om fokus framover.

På årsmøtet i Førde Normisjon stilte formannen, Leon Haugsbø, følgjande spørsmål: Bør Førde Normisjon som eit resultat av kommunesamanslåinga invitere til skiping av Sunnfjord Normisjon? Årsmøtet svara eit klårt og tydeleg ja på spørsmålet.

Det var ein optimistisk tone på Førde Normisjon sitt årsmøte som vart avvikla sundag 3. februar. Folk sette stor pris på at ungdommar tek på seg styreverv, og ikkje minst at formannen tok attval.  I det nye styret har Leon Haugsbø med seg Hanne Sofie Sæterlid, Karl Øystein Haug, Elida Østergaard Bruland og Adrian Hoffman. Nye varamedlemmer vart Anders Bruland, Ane Marte Warvik og Rune Joar Larsen.

Årsmeldinga frå styret vitna om eit aktivt arbeidsår med mange ulike samlingar og aktivitetar. Stikkord er temamøte, festar, godleiksdag, 17. maikafè, songkveld, hageselskap, juleverkstad, tysdagstreff, ungdomsarbeid m.m. Også dette året var formannen ein pådrivar for gjennomføring av økumenisk gudsteneste i kyrkja. 

Som eigar av Førde bedehus, har foreininga ansvar for drift og vedlikehald av huset. I tillegg til eige bruk er bedehuset mykje brukt av andre organisasjonar og kyrkjesamfunn. Særleg gjeld det Den katolske kyrkja som har hatt 2-3 messer kvar sundag. 2018 vart det året då varmepumpene erstatta oljefyren i bedehuset for godt. Ei  fullstendig modernisering av toaletta kan også noterast som nytt av året. På årsmøtet vart det vedteke nye vedtekter for bedehuset.

Formannen orienterte om prosjektet der Førde Normisjon drøftar samarbeid med Sunnfjord misjonsforeining med sikte på å nå målgruppa unge vaksne. Styret fekk velfortent ros både for planane framover og det gode arbeidsåret som ligg bak.

Referent