Ivrig misjonsengasjement

Anna Pedersen, elev ved Nordfjord folkehøgskule delte engasjert frå arbeidet i Okhaldhunga under basaren i Hyen.

Både Selje sokneråd og Hyen sokneråd ivrar for arbeidet til Normisjon i Okhaldhunga i Nepal.

Tekst: Ingebjørg Isane Fure

Selje sokneråd valde Normisjon sitt arbeid i Okhaldhunga i Nepal som misjonsprosjekt i 2018, og har inngått SMM-avtale (Samarbeid Menighet og Misjon). Dei har mellom anna hatt misjonskveld der nestleiar i soknerådet, Haldis Håvik, viste bilde og fortalde frå hennar tur til Nepal. Nepaligryte vart servert, og dei frammøtte fekk også gleda av ei direkte videooverført samtale med ei frå Selje som då var i Nepal og hadde nyleg besøkt Okhaldhunga. Før jul var det «grautdag» med fokus på Okhaldhunga, der ca. 9 000 kr vart sendt til prosjektet.
Kyrkjelyden bidreg også med forbøn i tillegg til økonomisk støtte.
Dei reknar med å få sendt mellom 10 000 -15 000 kr i året.

Hyen kyrkjelyd har hatt Okhaldhunga som SMM-prosjekt i fleire år. 27. januar arrangerte dei basar saman med Hyen Normisjon. Ei av elevane ved Nordfjord folkehøgskule, Anna Pedersen, fortalde entusiastisk om arbeidet i Okhaldhunga. Elevane ved Nordfjord folkehøgskule har sjukehuset i Okhaldhunga som bistandsprosjekt, og to elevar reiste dit i haust saman med rektor. Dermed var det ferske og levande inntrykk som vart formidla på basaren. Regionarbeidaren i Normisjon deltok også med andakt. Dei lokale folka i Hyen leia basaren og sørga for både god mat og fine gevinstar. Speidaren hadde laga plakatar med info om prosjektet, og det vart fortalt om ulike innsamlingar der både små og store har bidrege på kreativt vis!
Hyarane hadde selt lodd på førehand, og til saman kom det inn ca. 23 000 kr på basaren til prosjektet.

Normisjon takkar hjarteleg for engasjement og innsats!

Speidaren i Hyen har laga plakatar

Speidaren i Hyen har laga plakatar

Speidaren i Hyen har laga plakatar

Relatert innhold

Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule

Sunnfjord Folkehøgskule startar opp med god elevtilgang for det nye skuleåret, og med nye elevar kjem det også ny rektor. Han heiter Jon Olav Leira, og han avløyser Jorun Knapstad, som har vore rektor sidan 2006.

Read article "Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule"

Nordfjord Soulteens

Likar du musikk? Danse? Synge? Få nye vener? Vere rett og slett sosial? Då er dette noko for DEG!

Read article "Nordfjord Soulteens"

Sommarmodus

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli - 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Read article "Sommarmodus"