Innkalling til årsmøte i Acta Sogn & Fjordane

Stad: Innvik Fjordhotell. Tid: Laurdag 27. april kl. 15.00.
Acta-årsmøtet blir ein del av årsmøtedagen til Normisjon region Sogn og Fjordane.

Innkallinga går til

a) medlemmane i Acta-styret og Acta-leiar

b) alle foreiningsmedlemmar i regionen

c) alle direktemedlemmar i regionen

d) inntil to leiarar frå kvar foreining tilslutta Acta

e) ein representant valt av og blant dei regionalt tilsette

(I tillegg blir regionleiar og styreleiar for regionsstyret invitert utan stemmerett.)

Program og Sakliste

Acta sitt årsmøte er ramma inn av Normisjon sitt årsmøte, og alle acta-medlemmar har stemmerett på Normisjonsårsmøtet.

10.15: Registrering                                                

11.00: Soulchurch              

12.30: Foredrag v/ Ole Martin Rudstaden           Opplegg for born!

13.30: Middag

14.30: Ny driv: lansering av … meir info kjem

15.00: Årsmøte Acta                                                                      

15.30: Pause

15.45: Årsmøte Normisjon region Sogn og Fjordane           Opplegg for born!

17.30: Pause med kaker

18.15: Bøn og lovsong            
                   

Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 2: Møteorden

Sak 3: Årsmelding

Sak 4: Val

Acta si årsmelding blir ikkje sendt ut på papir, men blir offentleggjort her om litt. Dette for å spare regionen for portokostnader.

Påmelding til Normisjon sitt regionskontor innan 22. april.

E-post; sof@normisjon.no / 57 86 63 49

Håpar at vi sjåast på årsmøtet!

Helsing Rune (styreleiar) og Maria Dalsbø Tøsse (Acta-leiarvikar).