Fjordlybasar

Laurdag 9. mars var det fullt hus og god stemning på Fjordly. Den årlege basaren gjekk av stabelen, og grunna engasjement frå mange, blei det ny økonomisk rekord!

Tekst: Marte-Iren Lade

Rundt 90 personar møtte opp på basar i strålande sol. Mana Sørgård frå Raudeberg spelte nokre nydelege pianostykke på basaren, og gav folk høve til å lytte og nyte i mellom slaga med åresal, trekking og mat. Mana er 13 år og har spelt piano i 7 år. Han kom nettopp vidare til fylkesmønstringa i UKM. Barbro Silden talte om sanning, og siterte Joh. 14,6, der Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.» Allsong og konkurransar var òg med på programmet. Kjekke ungdomar selde årar og avrivingslodd, og folk kjøpte villig.

Mange hadde selt lodd rundt om i bygdene på førehand, og for fyrste gong i nyare historie blei resten av dei 170 listene selt ut i løpet av basardagen! Når folk i tillegg var så ivrige på å ta lodd og kjøpe årar, blei det ny økonomisk rekord og Fjordly sat att med kr. 115 000 etter å ha trekt frå utgifter til gevinstar!  

Tusen takk til alle som har laga gevinstar, gitt gevinstar, selt lodd, kjøpt lodd, laga mat, laga til og til alle som møtte opp!

Her er dei som vann gevinstane som vart lodda ut til basaren.

Les også Nytt liv for Eidhytta

Sjå fleire bilete under.

Relatert innhold

Nytt liv for Eid-hytta

Fjordly held fram med å oppgradere hyttene til å vere rusta for framtida. No står Eidhytta for tur.

Read article "Nytt liv for Eid-hytta"

Nye fellesskap er mogleg

I det gamle bedehuset frå 1923 på Sandane har det siste året vore yrande liv. Det største barnelaget vi har i regionen har vekse fram. Over 2200 møtedeltakarar innom. Over 3000 timar frivillig arbeid nedlagt. Korleis har dette skjedd?

Read article "Nye fellesskap er mogleg"