Nytt liv for Eid-hytta

Fjordly held fram med å oppgradere hyttene til å vere rusta for framtida. No står Eidhytta for tur.

Tekst: Marte-Iren Lade

Vi har sju hytter på Fjordly. Ei er oppussa og fire er nye. To gamle raude hytter står att. Den eine av desse, Eidhytta, har lenge trengt ei oppgradering. I haust var vi ikkje sikre på om vi ville klare kostnadane med ei ny hytte, men mange og til dels store gåver gjer at det ser lysare ut. Tusen takk til deg som har gitt!

Ut på våren byrjar prosessen mot nytt liv for Eidhytta, til glede for alle som bruker Fjordly. Mesteparten av hytta, unntatt fundamentet og inn-maten i veggane blir rive. Så vil vi bygge hytta opp att så den blir som ny og liknar dei andre nye hyttene. Kr. 700 000 er hytta budsjettert til, og planen er å auke Fjordly sitt lån med kr. 400 000. Dugnadsarbeidarar vil gjere alt arbeidet, både med byggeleiing og bygging. Det er fantastisk, og gjer at det økonomiske løftet blir overkommeleg! Vi er takksame for gåver til prosjektet.

Dersom du ønskjer å gje ei gåve til prosjektet, kan du bruke
kontonummeret til Fjordly: 3000.19.26310. Merk overføringa med «Eidhytta».

Du kan også gje til Fjordly på denne sida. Vel Fjordly Ungdomssenter. Her kan du også bli fast gjevar viss du ønskjer det. Send ein e-post til fjordly@normisjon.no i etterkant dersom du vil at gåva eller fastgjevar-avtala skal gå til Eidhytta.