Fotokonkurranse

Framsidefoto frå Refvik på årets kalender. Foto: Jostein Hals.

Har du flotte naturfoto frå fylket vårt eller andre stadar? Normisjon Sogn og Fjordane skal levere fotoa til Dagsordkalenderen for 2020 som Luther Forlag gir ut.
Send oss gjerne fotobidrag innan 6. mai.

Det blir fjerde året Normisjon region Sogn og Fjordane leverer fotoa til denne kalenderen som blir seld over heile landet. Mange set pris på å få dei flotte motiva frå fjord, fjell og hav m.m. på veggen saman med eit bibelord for kvar dag. Inkludert framsidebildet er det 13 bilde som kjem med.

Kriterier:
– Naturfoto, enten det er landskapsmotiv eller nærbilde av noko i naturen
– Det må vere god oppløysing på bilda og god kvalitet
– Det kan vere menneske på bilda, men ikkje så tett på at ein kan kjenne igjen personar
– Skriv kva plassen heiter der bildet er teke

Det er flott å få motiv frå ulike årstider sidan bildet for kvar månad skal passe til årstida.

Frist for å sende bidrag: måndag 6. mai.
Send til iif@normisjon.no

Premie: Heder og ære ved at bilda som kjem med i kalenderen blir kreditert med namn.