Innkalling til regionårsmøte i Normisjon Sogn & Fjordane

Velkomen til regionårsmøtet laurdag 27. april på Innvik Fjordhotell.

Velkommen til informasjon, inspirasjon og engasjement.
Dette er innkallinga til årsmøtet for Normisjon region Sogn og Fjordane. Vi ønskjer
velkommen til ein viktig og stor dag for oss i Normisjon her i regionen.
I år vil årsmøtepapira verte offentlegggjort her på nettsida. Dette for å spare porto. Vi gjer merksam på at årsmeldingar og rekneskap ikkje vert opplesne i si
heilheit på årsmøtet. Dokumenta er lagt ved lenger nede på denne sida.
Vi bed alle utsendingar om å lese desse grundig på førehand og ha klar eventuelle spørsmål/ kommentarar på førehand.

Frå Normisjon sentralt deltek medie- og markedssjef Ole Martin Rudstaden.
Alle som er medlemer i Normisjon har tale og stemmerett på årsmøtet.

Valnemda er ikkje ferdig med sitt arbeid ennå. Kandidatane vert offentleggjort når dei er klare via våre nettsider og sjølvsagt for årsmøtet når den tid kjem.
Tradisjonen tru, vert det høve å ta med foreiningsgåve. Foreiningsgåver vert innsamla samstundes som det er kollekt.

Meld deg på til epost, sof@normisjon.no eller Tlf 57 86 63 49
Vi minner om at alle som skal vere med på årsmøtet, melder seg på innan 24. april. Påmelding er viktig for klargjering av stemmesetlar og matberekning.

Program
10.15: Registrering                                                
11.00: Soulchurch              
12.30: Innspel v/ Ole Martin Rudstaden: Kommunikasjon av evangeliet i vår tid            Opplegg for born!
13.30: Middag
14.30: Ny driv: Lansering av «Saman» v/Vegard Tennebø
15.00: Årsmøte Acta                                                                      
15.30: Pause
15.45: Årsmøte Region Sogn og Fjordane           Opplegg for born!
17.30: Pause m kaker
18.15: Bøn og lovsong  
18.45: Slutt og vel heim     

Pris for alle måltid:
Vaksen: 400 kr. Born 5-12 år: 200 kr. Born 0-4 år: gratis.
Årsmøteavgift: 100 kr

Papir til årsmøtet:
Sakliste
Årsmelding regionen
Årsrekneskap regionen
Regionstyret si tilråding til årsmøtet for årsmelding og årsrekneskap regionen

Acta region Sogn og Fjordane
Årsmelding
Sjå sakliste med meir info på denne sida


Det er ikkje lenger regionårsmøtet som godkjenner årsmeldingane til Fjordly Ungdomssenter, Fjordly barnehage, Holmely og Teigen Leirstad. Dette har regionårsmøtet delegert til regionstyret. Vi legg likevel ut desse dokumenta her for dei som ønskjer å lese dei. Kvar av einingane skal ha ei kort orientering under årsmøtet.

Fjordly
Årsmelding
Årsrekneskap

Holmely
Årsmelding
Årsrekneskap

Fjordly barnehage
Årsmelding
Årsrekneskap

Teigen
Årsmelding (filene her kjem)
Årsrekneskap

Nordfjord folkehøgskule
Årsmelding
Årsrekneskap

Sunnfjord folkehøgskule
Årsmelding og årsrekneskap

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen