«Saman» – nye steg på felles veg

«Saman» er eit felleskaps-byggjande verktøy for oppfølging, inspirasjon og retning.
Neste samling 11. september.

Alle foreiningar og lag er inviterte med sine leiarar/styre, og det er både for Acta og Normisjon. Vi gjer det saman, og er difor naturleg å vere med på – om du er i Normisjon eller Acta lokalt.

Utgangspunktet for dette programmet er at vi treng kvarandre. Når mengda tilsette vert færre og flokkane lokalt vert mindre, må vi ikkje miste kvarandre. Då må vi trekke saman og byggje ny lagkjensle.

Formatet vil vere to timar på ein kveld med undervisning, samtale og refleksjon. Vi skal også ha tid til åndeleg fellesskap gjennom song, bøn og forbøn.

Hensikt
Eit av hovudspørsmåla vi kjem til å ha med oss er: Korleis kan vi drive lokalt arbeid som både er godt og utviklande å vere med i, samtidig som det mobiliserer til å nå fleire med evangeliet?

Saman skal vi bygge fellesskap og tilhøyrsle
• Saman skal vi sjå kvarandre og stimulere til utvikling og framtidstru
• Saman la oss møte av Jesus.
• Saman ønskjer vi å bryte ut av nedadgåande sirkler og skape gode ringverknader
• Saman vil vi la oss inspirere av dei gode historiene og dele ressursar
• Saman kjenne på at vi ikkje står åleine, men står skulder ved skulder med kvarandre

Tema og fokus:
Vi kjem til å arbeide med relevante tema for oss som foreiningar og lag – ting ved
fellesskapslivet og kristenlivet som kan skape utvikling og vekst lokalt. Slike tema kan vere:
• barnearbeid
• ungdomsarbeid
• møteleiing og forkynning
• omsorg i fellesskapet
• sang og musikk/lovsong
• teneste – medarbeiderskap og delaktighet
• misjon og evangelisering
• økonomi og gjevarteneste
• forkynning
• fellesskap og ulike former for fellesskap
• kreativitet

Oppstarten er tenkt til hausten (datoar: 11.09, 23.10 og 04.12) Men allereie 21. mai vert det ei samling på Eid, Betania, kl 19.00.

Frå regionen vil Maria Dalsbø Tøsse og Vegard Tennebø vere med, men også andre frå regionstaben vil prioritere dette til hausten. Også vi som regional stab vil gjere dette saman.

Velkommen inn i ei spennande reise – «Saman».

Påmelding her!