Familieleir på Fjordly

Start: Fredag 26. juli
Slutt: Søndag 29. juli

I slutten av juli er det klart for familieleir på Fjordly. Det er berre å gle seg! Her blir det mykje uteaktivitetar – mellom anna bading og båtliv, volleyball og fotball. Vi lærer meir om Jesus, misjon i inn- og utland, og høyrer spennande historier frå Bibelen. Å grille pølse ved bålet, synge songar, lage underhaldning og hobbyaktivitetar høyrer også med. Velkomen til leir for heile familien. Dette blir heilt topp!


Målgruppe
: Alle! Familieleir for heile familien, far og mor, liten og stor, bestemor, tante og onkel er velkomne!

Prisar kjem snart! 0-3 år / 4-11 år / 12-18 år /vaksne
Maks familiepris:

Bli medlem i leirklubben for kr. 50 per år. Fordelen er at du får 50 kroner i rabatt for kvar leir du deltek på i løpet av året! Du kan melde deg inn ved innkvarteringa på leiren.

Fjordly er leirstaden vår på Bryggja/ Totland i Nordfjord.  (KART).
Fjordly ligg på ein holme i tilknyting til fastlandet, og har eit stort uteområde til både vannsport, fotball, volleyball, kubb og andre kjekke aktivitetar, 
Hovudbygget byr mellom anna på bordtennis, biljard, jakkolo, minicurling, ei koselig peisestove for peiskos og aktivitet, møtesal, matsal, god mat og mykje anna! 

Velkommen på leir! 

 Meld dykk på i skjemaet lengst nede her