Årsmøte med sterk satsing

Foto: Svein Ottar Sandal

Årsmøtet for Normisjon og Acta Sogn og Fjordane 27. april hadde fokus på utvikling av nye fellesskap, styrking av lag og foreiningar og nytt tilbod for ungdom.

Barn og unge, misjon og fellesskapsbygging er hovudsatsingane til Normisjon. Siste året har regionen oppretta ei eiga stilling som fellesskapsutviklar i Acta med Førde som base. Stian Stokkebekk har fått fast tilsetting i stillinga som no blir på 70 %. Han var tilsett ved Bibelskulen i Grimstad før han kom hit, og har kjøpt seg småbruk ved Fauske utanfor Førde saman med kona.

Frå før har Normisjon Vegard Tennebø som fellesskapsutviklar, og i 2018 kom det i gong ei storsatsing på Sandane under vignetten Møtepunkt B. I 2018 vart det arrangert eit nytt tilbod; Nordfjordsommar på Nordfjord Folkehøgskule. Nærare 200 deltok der frå heile landet. Framleis er leirarbeid på Fjordly og Teigen viktig arbeid; i 2018 deltok over 400 barn og unge på leirane.

Olden Soul Children bidrog sterkt under Soul Church som årsmøtet opna med.

På årsmøtet kom det også engasjerte synspunkt på ei større satsing på tilbod til ungdomar i vidaregåande skule-alder (meir om dette kjem).

Ole Martin Rudstaden frå Normisjon heldt eit inspirerande foredrag der han peika på nye sider ved formidling av den kristne bodskapen i vår tid.

Eit nytt opplegg for foreiningar, fellesskap og lag vart lansert: «Saman». (meir info i linken)

Ny i regionstyret vart Elida Østergaard Bruland frå Førde. Elles i styret sit: Svein Ottar Sandal (styreleiar), Kari Rygg Leirgul, Liv Årdalsbakke Bruland, John Bjarne Geithus, Anne Karin Totland Gillesdal. Steinar Saltbones vart valt til første vara.

Nye medlemer i Acta-styret er Maria Fonn og Andreas Dalsbø. Rune Tøsse vart attvald som leiar. Frå før sit Anders Osdal og Jenny Leirgul i styret. Første vara er Frida Bjørnereim.

Økonomisk gjekk regionen med eit underskot på vel kr 80 000 i 2018. Årsmøtet vedtok å dekke underskotet ved å ta av eksisterande egenkapital. Det blir jobba spesielt med å få ned kostnadane på administrasjonssida og justere kostnader til forventa inntekter slik at 2019 kan gå i balanse.

Ole Martin Rudstaden inspirerte

Relatert innhold

Nordfjord Soulteens

Likar du musikk? Danse? Synge? Få nye vener? Vere rett og slett sosial? Då er dette noko for DEG!

Read article "Nordfjord Soulteens"

Sommarmodus

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli - 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Read article "Sommarmodus"

Gir Jesus vidare til barn og unge!

Sommarleirar på Teigen og Fjordly gir flotte og viktige opplevingar for mange barn, unge og vaksne. Og kvart år er det nokon som står på ekstra for at det skal vere mogleg å arrangere desse leirane.

Read article "Gir Jesus vidare til barn og unge!"