Keltisk retreat på Holmely

Frå ein keltisk retreat på Holmely eit år tidlegare. Foto: Brit Lundby Hilde.

3.-7. juli.
Med pilegrimsvandring og deltaking på Seljumannamesse.

VELKOMEN TIL KELTISK RETREAT!
Det er 5. året på rad at Holmely arrangerar keltisk retreat.
Her i nordvest er våre røter keltiske. Holmely ligg ein time reise frå Selja der Bjørgvin Bispedømme feira 950 år i fjor på Seljumannamesse.

KVA ER RETREAT?
På delvis taus retreat er dagsrytmen lagt opp for å gje oss sjansen til å lytte “innover” og “oppover”. Vi ønskjer å gje den einskilde høve til å bli betre kjent med seg sjølv og Gud. Vi har stille tid frå kveldsbøn over til neste dag med morgonbøn, frukost med musikk og Jesusmeditasjon. Torsdag og laurdag vert vi på Holmely.

FRÅ DAGSPROGRAMMET PÅ HOLMELY:
 Musikk til måltida
 Faste tidebøner i kapellet: Morgon-, middag- og kveldsbøner.
 Jesusmeditasjon over ein bibeltekst.
 Keltisk tema og song.
 Stille andakt i kapellet.
 Kveldssamling med delestund.
Det er frivillig å delta på samlingane.

Vi samlast onsdag ettermiddag 3. juli til kveldsmat kl 18.30. Torsdag og laurdag er rolege dagar på Holmely. Fredag vert turen til Selja hovudprogram: Vi reiser med båt frå Selje sentrum over til Bø. På øya vert det leia pilegrimsvandring fram til klosterruinane med stasjonar til bøn og ettertanke. Vi avsluttar i Sunnivahola med nattverd. Ta med godt fottøy og kle for allslags ver, dagstursekk og gjerne termos til varm drikke (og gåstaver). Det tar ca 25 min å gå på god sti fra båten, og vi skal klatre opp vel 70 trappetrinn i naturstein til Sunnivahola, Søndag 7. juli deltek retreatgruppa på Seljumannamesse.

Leiarar for retreaten er Brit Lundby Hilde og Øystein Frivold.
Sjå også brosjyre

PRISAR:
Opphald for 4 døgn: 3750,- per pers enkeltrom, 3250,- for dobbelrom, m/oppreidd seng og full pensjon og pilegrimsvandring til Selja.
Betalast over giro 3000 14 72204.
Seljumannamesse (Båttransporten) er ikkje inkludert. www.seljumannamesse.no

PÅMELDING til retreaten seinast ei veke før retreaten startar til:
Holmely
Holmevegen 26
6711 Bryggja
Tlf: 57 85 34 25 / 93 42 33 00
E-post: holmely@normisjon.no


Medarrangør av retreaten: Bjørgvin bispedømme.

HOLMELY ligg på Bryggja i Nordfjord og har gode buss/båtsamband frå/til Bergen og buss frå/til Oslo, Trondheim og Ålesund. Velkomstbrev vert sendt ut etter påmelding med meir opplysningar. Interesserte kan også få nformasjon hos Brit på mobil 91109933 eller bluhilde@enivest.net

Pilegrimsvandring til Selja. Foto: Siri Kolset
Holmely ligg vakkert til fjorden. Foto: Ingebjørg Isane Fure