Nordfjord folkehøgskule med rekordinnsamling

Glade elevar kunne gje frå seg ein stor sjekk med ein stor sum! Foto: Svein Ottar Sandal.

Nordfjord folkehøgskule hadde avslutning av skuleåret 4. mai. Elevane hadde ei stor gåve å gje Normisjon …

Elevane ved Nordfjord folkehøgskule har dette skuleåret vore engasjert på ulike måtar for å samle inn pengar til eit internasjonalt bistandsprosjekt i Nepal. Resultatet er berre imponerande, heile kr 383 717 har kome inn. Elevane har deltatt i solidaritetsløp der elevane skaffa sponsoar Vidare har dei tilbydd seg julehjelpvask rundt om i Gloppen, der mange fekk vaska hus eller andre oppgåver.  Andre aktivitetar er auksjonar, kafedrift, serveringsoppdrag, hårklipp og ymse anna.

Samla inn 3 millionar
Nordfjord folkehøgskule har gjennom dei siste ti åra ein har hatt bistandsprosjekt samla inn over 3 mill kroner. Dette har gått til Okhaldhunga sjukehus i Nepal som er drive av Normisjon. Det meste av dette har godt til pasientstøttefondet, som hjelper pasientar utan betalingsevne å få helsetenester og oppbygging av ein mødreventeheim og etablere sjukepleieskule.

Takk frå Normisjon
Regionstyreleiar i Normisjon i Sogn og Fjordane, Svein-Ottar Sandal mottok den store sjekken under avslutningsfesten på folkehøgskulen, og takk hjarteleg for pengane og lova å bruke dei til mennske i Okhaldhunga området som verkeleg treng gode helsetenester. Han var sterkt imponert over den innsatsen elevane har vist ved å samle inn dette rekord store beløpet.

Ein glad styreleiar kan konstantere at denne folkehøgskulen som er eigd av Normisjon Sogn og Fjordane, står for eit svært høgt bidrag til Normisjon sitt arbeid i Okhaldhunga.
Ein festkledd elevflokk når skuleåret er til ende.

Relatert innhold

Nordfjord Soulteens

Likar du musikk? Danse? Synge? Få nye vener? Vere rett og slett sosial? Då er dette noko for DEG!

Read article "Nordfjord Soulteens"

Sommarmodus

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli - 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Read article "Sommarmodus"

Gir Jesus vidare til barn og unge!

Sommarleirar på Teigen og Fjordly gir flotte og viktige opplevingar for mange barn, unge og vaksne. Og kvart år er det nokon som står på ekstra for at det skal vere mogleg å arrangere desse leirane.

Read article "Gir Jesus vidare til barn og unge!"