Minileir på Fjordly

Leirliv, det er fint liv, det!

21.-23. juni. 4 år.-3.klasse i følgje med vaksen.

Vi gler oss til dagar med bibeltimar, aktivitetar inne og ute, sprell og fjas og mykje god mat. Håper akkurat DU vil kome!

Å vere på leir er noko heilt spesielt! Ei helg med fokus på fellesskap, der vi et, søv, syng, leikar og lærer SAMAN! Her kan du vere deg sjølv, og vi ynskjer at alle skal bli sett for den dei er, både av små og store. Her får du moglegheita til å bli kjent med nye menneske og med Jesus. Det er uteliv, inneliv, hytteliv, sjøliv og liv i leiren frå tidleg til seint! Bli med då vel!!

Pris barn: 750,- Pris vaksen: 900,-
Leirprisen inkluderer medlemskap i leirklubben til Acta Sogn og Fjordane (gjeld leirar på Fjordly og Teigen). Ved å melde deg inn i leirklubben får du 50 kr i rabatt på seinare leirar same år. Prisen for medlemskapet er 50,- og medlemskapet har ingen forpliktelsar. Dersom du ikkje ynskjer å bli medlem aukar leirprisen med 50 kr, og kostar dermed same sum.

Påmelding
Du kan melde deg på til leirane våre i påmeldingsskjemaet. Du kan og sende ein mail eller ringe oss: acta.sof@normisjon.no | 920 46 349

Påmeldingsfristen er ei veke før leirstart. Etter fristen vil deltakeravgifta auke med 100,-. Så meld deg på tidleg!

Nyttig informasjon
Cirka ei veke før leirstart vil du motta eit informasjonsbrev per mail. Her vil du få info om pakkeliste, og om kva du kan legge att heime. Her finn du og tidspunkt for oppstart og avslutning, og litt om programmet.

Leirstøtte
Av ulike årsaker har ikkje alle familiar råd til å reise på leir. Acta har i den anledning eit leirstøttefond ein kan søke om støtte til dekking av leiravgift. Meir informasjon om dette kan du få ved å kontakte Actaleiar i regionen på mail mdt@normisjon.no

Bildereservasjon
Deltakarar på leir vil kunne bli avbilda til promotering av Acta sitt arbeid. Det er mogleg å reservere seg mot dette ved påmelding.

Fjordly er leirstaden vår på Bryggja/ Totland i Nordfjord.
Fjordly ligg på ein holme i tilknyting til fastlandet, og har eit stort uteområde til både båtliv, fotball, og andre kjekke aktivitetar. Hovudbygget byr mellom anna på bordtennis, biljard, jakkolo, minicurling, ei koselig peisestove for peiskos og aktivitet, møtesal og matsal der vi får mykje god mat.

Sjå også www.fjordly.no