Tweensleir på Teigen

14.-16. juni. 5.-8. klasse.

Vi gler oss til kjekke dagar med bibeltimar, venskap, peiskos, fotball, zipline, båtliv, artige sprell og god mat!

Å vere på leir er noko heilt spesielt! Ei helg med fokus på fellesskap, der vi et, søv, syng, leikar og lærer SAMAN! Her kan du vere deg sjølv, og vi ynskjer at alle skal bli sett for den dei er, både av små og store. Her får du moglegheita til å bli kjent med nye menneske og med Jesus. Det er uteliv, inneliv, hytteliv, sjøliv og liv i leiren frå tidleg til seint! Bli med då vel!!

Pris:720,-
Leirprisen inkluderer medlemskap i leirklubben til Acta Sogn og Fjordane (gjeld leirar på Fjordly og Teigen). Ved å melde deg inn i leirklubben får du 50 kr i rabatt på seinare leirar same år. Prisen for medlemskapet er 50,- og medlemskapet har ingen forpliktelsar. Dersom du ikkje ynskjer å bli medlem aukar leirprisen med 50 kr, og kostar dermed same sum.

Påmelding
Du kan melde deg på til leirane våre i påmeldingsskjemaet. Du kan og sende ein mail eller ringe oss: acta.sof@normisjon.no | 920 46 349

Påmeldingsfristen er ei veke før leirstart. Etter fristen vil deltakeravgifta auke med 100,-. Så meld deg på tidleg!

Nyttig informasjon
Cirka ei veke før leirstart vil du motta eit informasjonsbrev per mail. Her vil du få info om pakkeliste, og om kva du kan legge att heime. Her finn du og tidspunkt for oppstart og avslutning, og litt om programmet.

Leirstøtte
Av ulike årsaker har ikkje alle familiar råd til å reise på leir. Acta har i den anledning eit leirstøttefond ein kan søke om støtte til dekking av leiravgift. Meir informasjon om dette kan du få ved å kontakte Actaleiar i regionen på mail mdt@normisjon.no

Bildereservasjon
Deltakarar på leir vil kunne bli avbilda til promotering av Acta sitt arbeid. Det er mogleg å reservere seg mot dette ved påmelding.

Teigen
Teigen er leirstaden til Acta/Normisjon Sogn og Fjordane som ligg i Eikefjord i Sunnfjord. Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Teigen ligg idyllisk til, heilt i sjøkanten. Her er robåtar, kanoar og rikeleg med redningsvestar. Vi har også fotballbane, zipline, bålplass og eit aktivitetsrom inne med bordtennis og biljard.

Les meir om Teigen på www.teigenleirstad.no