Gir Jesus vidare til barn og unge!

Frå venstre: Maria, Frida, Jenny, Kristin, Anders og Sverre. Dei gler seg til å ta imot barn, tenåringar og vaksne på leir!

Sommarleirar på Teigen og Fjordly gir flotte og viktige opplevingar for mange barn, unge og vaksne. Og kvart år er det nokon som står på ekstra for at det skal vere mogleg å arrangere desse leirane.

I år var det ni gode søkjarar til sommarteam, og dermed eit noko vanskeleg luksusproblem sidan ein dessverre ikkje kan gi alle sommarjobb. Her skal vi bli betre kjend med gjengen som er tilsett som årets sommarteam.

Kristin
Vi startar med Kristin Bjarnastein Skaaland, 26 år og busett med sin mann i Oslo. Ho er for tida student og held på med ein master i utdanningsvitskap. Kristin seier ho er ei enkel sjel som trivst aller best når ho får vere ute, med hengekøye, bål og triveleg selskap. Kristin har vore heile seks år på sommarteam, og kjenner godt til kva det vil seie å sove lite, le til krampen tek ein, kle seg ut, bade, sparke fotball i gjørma og gje alt ein kan for at leir skal vere ein god plass å vere. Kristin er oppteken av tull og fjas, men og dei viktige, gode samtalene om viktige tema.

Ho fortel vidare: – Mest av alt gler eg meg til å sjå Jesus virke i barn og unge sine liv – og i liva til oss i teamet! For meg er Jesus ein trufast venn, forsvarar og ei trygg forankring i eit ofte utfordrande liv. Jesus er forbildet og vegvisaren når eg vaklar. Jesus betyr at eg kan søke Gud med frimod. Å få vere med å dele Jesus med barn og unge, må jo vere det mest meiningsfulle arbeidet ein kan få vere med på!

Sverre
Sverre Knardal er årets nykomling. Han har vore på Fjordly éin gong før, på konfirmasjonsleir. Sverre er 19 år, kjem frå Volda og går for tida på Bibelskulen i Grimstad. Han er ein aktiv mann som likar å vere ute, spele fotball og er veldig glad i den gode samtalen. Sverre seier:
– Eg har valt å vere på team for å vekse meir som leiar, bli kjend med nye folk, og fordi eg har lyst til å inspirere ungdom og barn til å følge Jesus. Jesus betyr veldig mykje for meg, og det å følge han er spennande og livsgjevande. Det kan av og til vere utfordrande å vere kristen i dag, men det er så verdt det! Om det er på fotballbana, i musikken eller på skulen, så brenn eg for at fleire skal kome til tru på Jesus Kristus.

Frida
Frida er 18 år, og går andre året på dramalinja ved Firda vidaregåande. I tillegg dansar ho, går i bibelgruppe og er engasjert i Natur og Ungdom. Favoritt-fargen er varm gul og ho er veldig glad i pesto, bruktbutikkar og bøker!

Frida har nokre tankar om utfordringane rundt det å vere kristen i dag:
– Det er kanskje slik at folk vegrar seg for å stille spørsmål. Det ligg utruleg mange fordommar rundt det å vere kristen, som ikkje stemmer eller som er utdaterte, men kanskje viktigast av alt treng ei forklaring. Eg ønskjer at folk skal forstå kvifor eg trur på det eg trur på, men det trur eg er vanskeleg å fatte for ikkje-religiøse menneske i 2019. Nokre av dei beste samtalane eg har hatt har vore med dei vennane mine som våger å stille meg spørsmål om trua mi, og dei samtalane vil eg veldig gjerne ha fleire av!

Jenny
Jenny Leirgul er 18 år og bur på Vereide. Ho går i 2. klasse på idrettslinja på Firda vidaregåande. Ho har valt å vere på team denne sommaren fordi ho tykkjer leir er veldig kjekt, og ønskjer å vere med i leirarbeidet som ho har erfart betyr svært mykje for mange, og kan vere med å vise vegen til Jesus og peike på han: – Jesus for meg er ein god venn som er med uansett kva. Han er ei tryggheit i kvardagen som gir meg verdi og meining uavhengig av mine prestasjonar. Eg trur ei utfordring med å vere kristen i dag kan vere fordommar som mange kristne ikkje kjenner seg igjen i.

Jenny har vore særs mykje på Fjordly som deltakar og leiar, ho gler seg til å komme i gang med leirsesongen!

Anders
Anders Osdal er 19 år og kjem frå Selje. Han likar å springe på fjellet og spele fotball eller volleyball. I tillegg er han svært glad i å vere sosial med venner og gjere sprell. Anders seier:
– Leir har vore ein viktig arena for meg gjennom barndommen, ved at eg har funne kristne venner nær der eg bur. Det kristne fellesskapet der har vore svært viktig for trua mi. Eg er på team fordi eg ynskja å vere med på å gjere sommaren super for barn på leir. Eg vil òg vere med å dele evangeliet og mange bibelforteljingar til barn og unge. Gud, Jesus og Den Heilage Ande er utruleg viktig i livet mitt, og dei har utvikla meg på så mange forskjellige måtar. I dagens samfunn kan det vere utfordrande å vere kristen. Dette er fordi samfunnet har så stort fokus på at vi skal vere så hippe og kule. Når ein er kristen, er det lett at folk ser ned på deg, og tenkjer at du ikkje er kul i det heile. Derfor kan mange unge slite med trua, og møte mykje motgang på grunn av det. Dette har eg merka sjølv, og eg har høyrt om fleire andre som har opplevd det same. Derfor er utrusting, apologetikk (trusforsvar) og styrking i trua viktig i leirarbeidet, meiner eg. Tema for leirane i sommar, «Våg meir», passar dermed kjempebra!

I tillegg vert fungerande Actaleiar Maria Dalsbø Tøsse med teamet på dei fleste leirane.

Vil du bli enda betre kjend med Jesus og denne flotte gjengen? Bli med på leir! Det trengst også fleire leiarar i ulike aldrar. Meld deg gjerne som leiar!

Her er sommarleirane 2019

Både Teigen og Fjordly har kjmpeflotte uteområde. Her frå Teigen.
Sommareventyra ventar for alle som kjem på leir.