Sommarmodus

Vi ønskjer alle ein riktig god sommar, her med eit bilde frå Sildagapet mot Kråkenes. Foto: IIF.

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli – 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Påmeldingskjema for Familieleir på Fjordly 26.-28. juli finn du her
Påmeldingsskjema for Tenleir på Fjordly 3.-7. august finn du her
(dei andre sommarleirane er over med unnatak av Tweensleir som blir arrangert denne helga).
Har du spørsmål som gjeld leir kan du ringe Fjordly (tlf. 57 85 32 25) fram til 12. juli, etter den datoen blir det ferieavviklling også på Fjordly fram til Familieleiren. Men e-posten til Fjordly vil bli sjekka (fjordly@normisjon.no)
Acta-leiar er tilgjengeleg på telefon igjen frå veke 30 (frå 22. juli). Tlf.nr. Acta-leiar: 920 46 349. E-posten til Acta (acta.sof@normisjon.no) blir sjekka no og då.

Dersom det er noko anna som gjeld regionen og som er viktig å få svar på raskt, kan du ringe regionleiar Jesper Lemming: 902 29 018. Med ting som ikkje hastar; vent gjerne til august.
E-posten sof@normisjon.no vil bli sjekka no og då.

Andre ting som skjer:
Keltisk retreat på Holmely 3.-7. juli  (nokre få ledige plassar igjen, påmeld.frist 28. juni)
Ope for overnatting på Holmely 8. juli – 4. august

Nordfjordsommar på Nordfjord folkehøgskule 2.-7. juli
(arr.: Nordfjord FHS, Normisjon region Sogn og Fjordane og KRIK)

Første arrangement i regionen til hausten: «Saman» 11. september
(stad blir bestemt etter sommarferien)

Vi kan også anbefale Normisjon sitt «Sommer i Sør» i Grimstad 9.-14. juli.

God sommar!