Nordfjord Soulteens

Likar du musikk? Danse? Spele? Synge? Få nye vener? Vere rett og slett sosial?
Då er dette noko for DEG!

Helga 6.-8. september går startskotet for Nordfjord soulteens. Dette er eit konsept for deg som er mellom 15 og 20 år. Målet er å møtast om lag fire helger i året på Fjordly Ungdomssenter for å øve. Nokon helger har vi konsert, andre helger er det enkle songoppdrag. Songane vi skal øve inn handlar om Jesus og livet. Sjangeren vil vere gospel, soul, pop.

Solveig Marie Husevåg

Vi har fått med oss sjølvaste Solveig Marie Husevåg som instruktør denne helga. Ho er utdanna frå Norges Dansehøyskole med ein BA i jazzdans med pedagogikk. Dei siste åra har ho arbeidd som frilans dansar og dansepedagog i Oslo. Vinteren 2019 reiste ho til Hollywood for å danse, etter å ha blitt tildelt stipend frå Kulturrådet. Solveig er tidlegare medlem av Sandane Soul Children. Etter ho flytta til Oslo i 2014, vart ho engasjert i Oslo Soul Children. I dag er ho ansatt i Acta barn og unge i Normisjon, og arbeider spesifikt inn mot Oslo Soul Children og Oslo Soul Teens. Solveig gler seg stort til å undervise dans og kor-bevegelsar denne helga, og ikkje minst til å møte alle teensa!

Praktisk informasjon: Pris 800 kr, betales ved innkvartering, kort eller kontant. Påmeldingsfrist 1. September Pakkeliste; Bibel, skrivesaker, toalettsaker, sengkle/sovepose, perm til notar, kioskpengar og mykje mykje godt humør!

For spørsmål og påmelding: ta kontakt på mdt@normisjon.no eller 920 46 349


Relatert innhold

Sommarmodus

Regionskontoret for Normisjon Sogn og Fjordane er stengt 1. juli - 8. august på grunn av arrangements-avvikling og ferie. Her er litt info viss du treng kontakte oss, samt oversikt over det som skjer i sommar.

Read article "Sommarmodus"

Gir Jesus vidare til barn og unge!

Sommarleirar på Teigen og Fjordly gir flotte og viktige opplevingar for mange barn, unge og vaksne. Og kvart år er det nokon som står på ekstra for at det skal vere mogleg å arrangere desse leirane.

Read article "Gir Jesus vidare til barn og unge!"

Leirsommaren 2019

Det nærmar seg sommar og med den kjem også leirsessongen på Teigen og Fjordly, BLI MED!!!

Read article "Leirsommaren 2019"