Rektorskifte på Sunnfjord Folkehøgskule

Sunnfjord Folkehøgskule startar opp med god elevtilgang for det nye skuleåret, og med nye elevar kjem det også ny rektor.  

Han heiter Jon Olav Leira, og han avløyser Jorun Knapstad, som har vore rektor sidan 2006. Jon Olav har ikkje vore mange dagar i stillinga enno, men han har alt no signalisert tydelege retningar som han har tenkt å vidareføre, og vi anar at han vil kome til å sette sitt stempel på skulen. Han har bakgrunn frå 26 år som lærar i grunnskulen og fire år som prosjektleiar på kulturavdelinga til Fylkeskommunen. Utdanninga inneber grunnfag i idrett og i kristendom, master i spesialpedagogikk med fordjuping  i sosioemosjonelle lærevanskar.  

I fritida har han spelt aktivt fotball, og han brukar mykje tid på friluftsliv, skiturar og på sykkel – gjerne Trondheim-Oslo. Har vore leiar i kristeleg barne- og ungdomsarbeid sidan tenåra. Og han har vore skitrenar og fotballtrenar i mange år.  

Vi håper at skulen kan halde fram i sin gode tradisjon med å halde på folk i stillinga i mange år. I løpet av dei siste 32 åra har skulen hatt berre to rektorar.  

Jorun har stått i spissen for ei kontinuerleg utvikling av skulen, både pedagogisk og når det gjeld det ytre miljøet. Dei mest synlege endringane er kanskje nytt hovudkjøkken /undervisningskjøkken og treningsstudio der det før var sløydsal. Ho vil også etterlate seg ein arv som den som gav mykje av seg sjølv i kontakten med enkeltelevar i omsorg for heile personalet. Jorun vel å gå av i høve oppnådd alder.  

Skulen startar i år med linjene Volleyball, E-sport Aktiv, ToppturKlatring Fjellsport, Sport Adventure og Foto Animasjon. Elevtalet har gått opp vesentleg i høve til same tidspunktet i fjor. I hovudsak held vi fram med same lærarpersonalet som i fjor. Todd Johnson har studiepermisjon og John Sverre Aarseth er vikar på volleyballinja. Emil Fagerli er tilsett på Fjellsport-linja.  

Sjå meir om skulen på www.sunnfjord.fhs.no