Leirsommar-glimt

Om lag 200 har vore på sommar-leirane i regionen.

I ein fin balanse mellom Bibel, gode samtaler og tull, fjas og latterkrampar har Acta i regionen gjennomført fem leirar på Fjordly og Teigen i sommar. Årets sommarteam har gjort ein kjempejobb i å arrangere leirar og vi har i tillegg hatt mange frivillige som har stått på som leiarar og kjøkkenhjelper: de skal ha stor takk, vi hadde ikkje klart dette utan dykk.

Temaet for sommaren var: «våg meir». Vi har lært om heltar i Bibelen som verkeleg våga å stole på at det Gud sa, var sant og som fekk erfare ein Gud som er trufast. Vi har også blitt utfordra på å våge å bruke meir Bibelen i kvardagen, og tru og stole på at det som står der er sant. Vi må også våge å vere oss sjølve.

Eit av mange høgdepunkt var tenleiren, der 32 ungdomar frå både Nordfjord og Sunnfjord deltok. Å sjå ungdomar som syner stor omsorg for kvarandre, heiar kvarandre fram og tek nye steg i tru, er sterkt å få erfare. Det er ingen tvil om at tenåringane ønskjer fleire tilbod der dei får vere saman med kristne vener og lærer meir om Jesus. Ei oppmoding er difor: ta vare på borna og ungdomane i ditt område, dei treng vaksne førebilete som trur på dei, heiar dei fram og peikar på Jesus.

Acta ser fram til å møte nye born, ungdom og vaksne utover hausten. Sjekk oversikta under og meld deg på, eller send born og unge frå ditt område som kan få verte ein del av eit godt og oppbyggjeleg fellesskap!
Leirane kjem også snart under «Kva skjer».
Sjå også eit par bilde-glimt lengst nede.

Årets sommarteam!
Sånn kan ein ha det på leir 😉