Takk til Ingebjørg

Ingebjørg Isane Fure

Vår kjære regionarbeidar Ingebjørg Isane Fure har hatt siste arbeidsdag i Normisjon.

Heldigvis forsvinn ho ikkje langt og begynner i ny stilling som diakon for Kyrkja i Gloppen. Ingebjørg har vore ein bauta for Normisjon og regionkontoret i 13 gode år. Det kjem til å bli eit stort sakn, og vi håpar at ho tek turen innom kontoret av og til. Vi arbeidar med korleis Ingebjørg si stilling skal dekkast vidare.

Actaleiar Stine er framleis ute i mammapermisjon, og Maria er Actaleiar-vikar fram til jul. Fellesskapsutvikler Stian skal ha gradert pappapermisjon dette halvåret. Fellesskapsutviklar Vegard og regionleiar Jesper held fram som før.