Nordfjordsommar-suksess

Foto: Janne Røe

For andre året på rad kom folk frå heile landet til Nordfjordsommar på Vereide.

Med nervar av gele gjekk vi i gang med årets Nordfjordsommar. Er det mogleg å ha fem dagar friluftslivsfestival med 200 små og store i 6 grader, kraftig regn og friske vindkast? Svaret er: ja! Med bøn og pågangsmot går det meste. For det vart ikkje så gale som vêrmeldingane sa. Jau då, vått og tungskya var det, men vi fekk også sol og varme.

Med temaet «ut i det fri» vart årets Nordfjordsommar betre enn i fjor, skal vi tru deltakarane. Ein typisk dag på Nordfjordsommar: Forkynning og tru: god undervisning til alle aldrar. Lovsong, forbøn og misjon. Tur og natur: meistring og varierte opplevingar i Guds frie natur. Fellesskap: den gode samtalen, nydelege måltid, praten i fjellet, i kveldskroa. Nye vener frå heile landet. Livsglede: Dei sprø påfunna til Tor og MøBa. Latter og leik. Fotballturnering og hoppeslått. Nordfjordsommar er alt dette og mykje, mykje meir.