Teigen, målet og framtida

Foto: Aud Norunn Vig

Med fjorden som nærmaste nabo, idylliske holmar i sikte og eit stort areal, har Teigen Leirstad mange moglegheiter for yrande liv.

Tekst: Aud Norunn Vig

Denne staden er det eg har fått gleda av å styre for eitt år. Eitt år eg har fått i oppdrag frå Normisjon å bruke på å finne ut kva vi skal gjere med Teigen i framtida. Du kan gjerne seie at dei fleste tenkjer på leir og leirskule når dei høyrer om Teigen. Mine barn tenker på båt, springing, fridom, leik, overnatting og kubjølla. Kubjølla som har ljoma ut av kjøkkenvindauge så lenge eg kan hugse. Eit anna ord som kjem opp medan eg snakkar med gamle og unge om Teigen, er fellesskap. Enten eit fellesskap dei opplevde, eller eit fellesskap dei kan tenkje seg å bygge. Spør eg sommargjestene frå fjern og nær som har vore innom i år, snakkar dei om ein unik natur, ei eiga stille som inviterer til å søke innover og oppover. Dei snakkar om å få lov å senke skuldrene, la ungane leike, og Noregs beste badetemperatur.

Innsats og vidare planar
Spør eg dei frivillige som dukka opp i sommar, snakkar dei om at dette er ein unik stad dei vil legge sjela si i. Og her er eg mektig imponert og takksam for dei rundt 50 ulike menneska som har bidrege med over 700 dugnadstimar fram til skrivande stund. Snakk om engasjement! Alt som skulle til, var at nokon spurte om dei kunne få lov bidra, og eg sa ja med det kriterium at det måtte fullførast.

Så kva har skjedd med Teigen i 2019? Vi har fått eit mykje meir funksjonelt hovudbygg, i lyse og trivelege fargar. Det er få ting som ikkje er flytta på. Når nokon spør, så seier eg at dette må dei helst ta i sjølvsyn. Det har vore lagt vinn på å ta vare på dei gamle tinga vi kunne, samt gjere energisparande tiltak der det har vore viktig. Eg gler meg til å opne dørene for nye arrangement framover. Framleis treng Teigen eit stort løft bygningsmessig. Gamalt utstyr som sluker straum bør bytast. Og i sommar har eg hatt mange som ønska å leige hytte 5 med kjøkken. Utfordringa er berre det at dei alle vil ha den samstundes. Her har vi eit potensiale vi må vurdere.

Kjøkkenet vårt har lange tradisjonar. Og mange har sendt freistande matrettar gjennom lukene opp igjennom åra. No har kjøkkenet prekært bruk for oppgradering. Både for å kunne møte nye krav, og få kjøkken-rutiner til å gli lettare. Til dømes er ein ny komfyr der alle platene fungerer, eit av behova.
I lag med ein fagleg konsulent frå lokalt næringsliv, har vi sett på korleis kjøkkenet kan få si etterlengta oppgraddering, og samtidig kunne få tent det inn att på rimeleg tid.

Nye aktivitetar
I år, blomstrar ulike former for liv på Teigen. Vi har Teigenklubben som har samla 20 til 30 born med foreldre annankvar tysdag. Janne Steinhovden har her vore ein fantastisk primus motor, og har fått samla både leiarar og deltakarar med sitt levande engasjement. Det neste som ser dagens lys, er ei Teigenforeining som har første møte i forkant av Teigenstemnet første helga i september. Foreininga har som mål å støtte arbeidet på Teigen etter inspirasjon frå Fjelly på Sotra.
Vi er også fleire familiar og unge vaksne som leitar etter eit fellesskap; kanskje det også har ei framtid på Teigen? Kven veit?

I sommar har det i alle fall vore lyden av barnelatter, bølgeskvulp og snekkering som har dominert på Teigen. Nye venskap har blitt til. Gamle vener har ledd i lag. Kreative hender har lagt si hand på hovudhuset. Og vi har hatt ein del rulling av kroner inn og ut av konto.

Viktige oppgåver framover
Mykje av arbeidet framover må gå med til ulike defineringar og opprydding i ansvarsfordeling mellom eigarar og drivarar. Deretter skal vi sjå på kva slags grunnlag vidare drift tuftar på. Dette har vore eit moment som har ført til uro blant mange av dei tradisjonelle brukarane og gjevarane til Teigen. Fleire har uttrykt si bekymring. Her er vi spente. Kva veg skal Teigen ta vidare? Eg har også blitt sett til oppgåva å være leiar for Teigenutvalet. Saman med regionsleiar og to representantar frå Teigenstyret, skal eg gå systematisk til verks for å kartlegge grunnlaget for framtidas drift her. Dette skal botne ut i ei tilråding til Regionsstyret innan februar 2020. Her diskuterast både kva vi vil, kva vi kan få til, og sannsynet for å lukkast.

Eg kan røpe at blant Teigenfolket manglar det i alle fall ikkje på visjonar. Så mange kreative sjeler har uttrykt seg både om bygningsmasse, aktivitetar, systembygging med meir. Og eg ser fram til mange fleire slike samtalar med den ressurssterke grasrota her ute. Ein gjeng eg er hoppande stolt av!

I oktober blir det sendt ut ein giro til abonnentar av Nytt frå Normisjon Sogn og Fjordane der ein kan gje til satsinga på Teigen. Ein kan også gje enkeltgåve eller bli fast gjevar til Teigen her.
Ver også med Teigen i bøn!

Foto: Aud Norunn Vig
Foto: Aud Norunn Vig
Foto: Aud Norunn Vig