merk: UTSATT! Årsmøte for 2019

Den 28.mars blir det årsmøte for Acta og Normisjon region Sogn og Fjordane!

Årsmøtet i regionen vert i år på Sunnfjord folkehøgskule laurdag 28. mars. Dette er ein viktig dag, så alle aktive i Normisjon og Acta i Sogn og Fjordane  bør ta turen til Førde. Vi skal m.a. velje ny regionstyreleiar, nye medlemmer til regionsstyret og actastyret, samt gå igjennom årsrapport og rekneskap for arbeidsåret 2019. Sakspapira finn du på våre nettsider frå 28. februar.

Else Kari Bjerva, personalleiar i Normisjon, kjem. Ho er utsending frå Landsstyret. I tillegg vil doktorgradsstipendiat ved høgskulen i Volda, Andreas Tjomsland, ha foredrag rundt temaet «Kva kan vi lære av historia vår? – Utviklingstrekk i Nordfjord indremisjon frå 1970 til 2000» Det vert inspirerande seminar, gudsteneste og forhandlingar. Staben stiller med band og friskt repertoar.

Meld deg på til regionskontoret innan mandag 23.mars på mail sof@normisjon.no eller tlf 57866349 (vi har telefontid onsdag til fredag 9-15.) Skriv gjerne i påmeldinga om du skal ha måltid, om du har stemmerett og evt kva forening du kjem frå.

Pris: Heile dagen inkludert mat: 400,-

Enkeltprisar: Årsmøteavgift kr 100,- ; Middag, kaffi og kaker 300,-

Innkalling Årsmøte Acta og Normisjon

Årsmelding Region Sogn og Fjordane

Årsrekneskap Region

Årsmelding Acta SoFj

Fjordly årsrapport og rekneskap

Holmely årsrapport

Holmely Årsrekneskap

Teigen Årsrekneskap

Teigen Årsrapport (blir offentleggjort snart…)

Orientering Innvik Fjordhotell