Stillingsutlysing Sommarteam i Acta SoFj

Det er snart sommar, og vi er snart klare for å tilsette årets sommarteam! Vil DU ha draumejobben med barn og unge i Sogn og Fjordane? Søk då vell!

Acta – barn og unge i Normisjon er ein barne‐ og ungdomsorganisasjon som samarbeider tett med Den norske kyrkja. Medlemmene våre er organisert i lokale fellesskap og mange reiser på leir og arrangement i regi av Acta.

Vi har ein klar visjon som inspirerer og styrer alle våre aktivitetar: Grensesprengjande fellesskap der barn og unge møter, følgjer og ærar Jesus Kristus!

Snøen er i ferd med å smelte, sola kikkar over fjelltoppane igjen og det er snart tid for sommarleirar! Acta Sogn & Fjordane søkjer: Teammedlemmar til Sommarteam i Acta Sogn og Fjordane!

Arbeidsoppgåver er rekruttering av leiarar og deltakarar, planlegge og gjennomføre leirar og sørgje for trivsel og tryggleik.

Du er gjerne over 18 år, (er du over 16 kan du også søkje) har vore på leir før, har gjerne leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon! Vi drøymer nemleg om ein sommar der barn og unge får møte, følgje og ære Jesus Kristus!

Leirsesongen er mellom 19. juni og 15.aug. (Med nokre friveker innimellom.) Det blir venta at team‐medlemmene er med på flesteparten av leirane. Teamet er med på leirar både på Fjordly og Teigen, samt «konf-kickoff» på Nordfjord folkehøgskule.

Teamleiaren er ansvarleg for leirane og denne stillinga vil utgjere meir arbeid og krev større kompetanse og erfaring. Acta‐leiar er næraste overordna.

Du får lønn, innføringskurs, opplæring i førstehjelp og brannvern, og kanskje viktigast; store leiropplevingar saman med barn og unge!

Sommarteamet er forplikta på Normisjon sitt verdidokument og ein må kunne vise politiattest av nyare dato (dette hjelper vi til med).

Fortel oss kvifor du vil vere med! Søknaden sender du til Acta‐leiar Stine Hopland (stine.hopland@normisjon.no). Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar og referansar. Ta kontakt på 92 04 63 49 (ons-fre) om du lurer på noko.

Søknadsfrist: 27. mars. Melding om tilsetting i veke 14 eller 16.

Acta Sogn og Fjordane
Postboks 162
6821 Sandane
www.acta.as/sof