Avlysingar av arrangement

I høve nasjonale rettningslinjer ang Covid-19 (Koronavirus), vil ei rekke arrangement og samlingar i Acta og Normisjon Sogn og Fjordane bli avlyst i tida framover.

I lys av dei siste offisielle råda og retningslinjer både frå myndigheter og frå Normisjon sentralt, vel vi å avlyse mange av våre planlagte arrangement, i første omgang fram til påske. Dette vil mellom anna verke inn på alle lokallags arrangement, Soul teens helg, Storsamling på Fjordly, og regionens årsmøte som skulle vore 28. mars. Arrangement i påska og tida etter vil bli vurdert forløpande og kan bli avlyst på kort varsel.

All lokallagsaktivitet i Acta sine barnelag er avlyst inntil ny beskjed blir given. Og vi rår også Normisjons lokale foreningar om å innstille sin aktivitet inntil vidare.

Når det gjeld regionsårsmøtet blir dette utsatt, og ny dato vil kome når situasjonen igjen blir slik at vi kan samle folk! Det sittande regionstyret vil fungere inntil det blir mulighet for å velgje nytt styre.

Ta vare på kvarandre! Og hugs; Deus Semper Major – Gud er alltid større!

Helsing frå oss i Acta og Normisjon Sogn og Fjordane