Fjordlybasar

Eit glimt frå basaren i mars 2019

Lørdag 7. mars var Fjordly fylt til randa med glade folk i alle aldrar. Basaren gav eit netto overskot på kr. 126 000, noko som er ny rekord!

Rundt 120 personar møtte opp på basar. Stadlandet gospelkor framførte seks songar i to avdelingar, så det blei nesten ein heil konsert! Folk fekk høyre eit dyktig kor med flinke solistar. Det var stas å ha med den musikalske gjengen frå Stadlandet.

Fjordlystyret arrangerte basaren og serverte rundstykke, natronkaker, kaker og kaffi. Både årar og lodd blei selt mens folk løyste basarquiz og åt mat. Det var så mange gevinstar å dele ut, at tida forsvann fort.

Alle gjestane fekk ein dusj med sprit i handa då dei kom inn. Elles var det ikkje restriksjonar på å samlast på denne tida i mars. Hadde basaren vore sett opp ei veke seinare, måtte vi ha avlyst pga. restriksjonar rundt koronaviruset.

I fjor blei det sett økonomisk rekord på basaren, med netto inntekt på kr. 115 000. I år knuste vi denne rekorden med ei netto inntekt på kr. 126 000! Det er fantastisk, og kjem godt med no når vi må avlyse alle arrangement i næraste framtid pga. korona-smittefare.