Årsvikariat som Actaleiar

Acta Barn og Unge i Normisjon region Sogn og Fjordane har ledig årsvikariat som actaleiar i inntil 100% stilling frå 15.08.2020
Acta – barn og unge i Normisjon er ein av Norges største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar. Visjonen vår er «Grensesprengende fellesskap der barn og unge møter, følger og ærer Jesus Kristus».
Acta består først og fremst av over 600 lokale fellesskap, nær 30 av desse ligg
i Sogn og Fjordane. Regionen er ein aktiv region, med eit bredt frivillig
engasjement, og vekst i leir- og lagsarbeidet.
Vil du vere med på Acta-laget? Acta i region Sogn og Fjordane har ledig inntil 100 % vikariat for Actaleiar frå 15.08.20.
Vi tilbyr:
- Spennande stilling i ein vital stab
- Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
- Å vere med å byggje og utvikle Acta i Sogn og Fjordane
- Løn og vilkår etter avtale i tråd med Normisjon sine lønsregulativ
- (Stillingsstorleik inntil 100% etter avtale)
Du har/er..
- relevant utdanning og/eller anna relevant erfaring
- gode evner til samarbeid, men er også sjølvstendig
- er fleksibel og løysingsorientert
- kan stå inne for Acta og Normisjon sin visjon og verdigrunnlag
- sertifikat og bil
- du har og gjerne vore på leir før, har leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon!
Arbeidsoppgåver:
- strategisk arbeid opp imot Actas mål og visjon
- administrative oppgåver/ dagleg drift og personalleiing av Acta i regionen
- PR, markedsføring og fundraising
- ansvar for leir og lagsarbeid regionen
- oppfølging av frivillige/ kontakt med born og unge
Søknaden sender du til stine.hopland@normisjon.no. Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar og referansar.
Ta kontakt på mail eller 95 93 42 30 om du lurer på noko. Søknadsfrist: 17.06.2020