Sommarleir 2021

Etter omlag eit år utan moglegheit for å arrangere leir vonar vi no at samfunnet er på veg mot gjennopning, og at det blir mogleg å arrangere sommarleir på Fjordly og Teigen!

Følgjande leirar håpar vi blir: Tenleir for ungdomskule- og vgs-elevar 24.-28.juni på Fjordly. Tweensleir 5.-7. klasse 1.-4. juli på Fjordly. Familiedag 31.juli på Fjordly, og Tweensleir 5.-8.klasse 6.-8.august på Teigen! Sjå brosjyre nedst i saka! (Minileiren er utsett til hausten, og familieleiren er inntil vidare omgjort til ein familiedag med aktivitetar og undervisning som i all hovudsak vil foregå utandørs i forhåpentleg nydeleg vestlandssommarveir..)

Mange har spørsmål ang gjennomføringa, og under prøvar vi å svare på nokre av dei:

Blir det sommarleir?

Kva med smitteverntiltaka?

Blir samfunnet gjenopna i tide?

Kva tenkjer Acta SoF om gjennomføring av leirane??

Det er fortsatt noko uavklart rundt smittesituasjonen, og korleis dette ser ut til sommaren. Men regjeringa har ytra at ein ynskjer å prioritere born og unge i gjenopninga. Vi vonar derfor at vi får gjennomføre leirane som planlagt. Dette kjem følgelig an på om smittesituasjonen på gjeldande tidspunkt tilseier at vi kan gjenomføre, og at regjeringa har opna for at ei kan samlast på tvers av kommunegrenser. Vi vil sjølvsagt forholde oss til alle smittevernreglar som gjeld for tidspunktet for kvar leir.

Dersom det blir eit gitt antall deltakerar som kan samlast vil dei fyrste som melder seg på ha førsterett på plassane. Det gjeld derfor å vere tidleg ute med påmelding.

Per i dag tenkjer vi at det er gode moglegheter for at det blir leir, vi vil sjølvsagt halde dei som er påmeldt løpande orienter i tilfelle endringar!

Vedlagt finn de årets sommarleirbrosjyre! Del gjerne den med vener og kjente!