Ledig stilling i Acta!

Har du ein drøm om å formidle Jesus til born og unge gjennom leir og lagsarbeid? Her er stillinga for deg!!

Acta – barn og unge i Normisjon er ein av Norges største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar. Visjonen vår er: «Grensesprengende fellesskap der barn og unge møter. følger og ærer Jesus Kristus.» Vil du vere med på Acta-laget? Vi har ledig inntil 100% stilling som leir- og lagsarbeidar i Acta Sogn og Fjordane!

Vi tilbyr:

  • Spennande stilling i ein triveleg stab
  • Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
  • Å vere med å byggje og utvikle tilbodet til barn og unge
  • Å kunne bu i naturskjønne omgjevnadar med aktivitet som terrengsykling, fjellturar, skisport, vannsport og kortreiste eventyr rett utanfor døra!

Vi søkjer ein eller to personar som:

  • Delar Actas visjon
  • Har relevant utdanning og/eller anna relevant erfaring
  • Har ein brann for at barn og unge skal bli kjent med Jesus
  • Trives med leir og lokallagsarbeid
  • Er kreativ, engasjert og nytenkande
  • Er fleksibel, ansvarsbevisst og likar utfordringar
  • Kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Har sertifikat og bil

Stillinga omfattar mellom anna:

  • Leiartrening og leiarutvikling
  • Leirarbeid i Nordfjord og Sunnfjord
  • Forkynning for barn og ungdom
  • Oppfølging og utrustning av lokale leiarar og lokallag
  • PR
  • strategisk arbeid opp imot Actas mål og visjon

Den som tilsettast må arbeide ut frå Actas visjon og verdiar, og Normisjons grunnreglar, og må framvise godkjent politiattest. Lønns- og arbeidsforhold følg Normisjons regulativ. Ein må reikne med ein del kvelds- og helgearbeid.

Stillingsprosenten er fleksibel, og kan evt deles på to medarbeidarar.

Søknaden sender du til Acta‐leiar Stine Hopland (stine.hopland@normisjon.no).

Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar og referansar.

Ta kontakt på mail eller 92 04 63 49 om du lurer på noko.

Søknadsfrist: Måndag 13.desember 2021