Vårleirar på Fjordly 2022

Våren nærmar seg med stormskritt! Og her kan du finne informasjon om vårens leirar på Fjordly Ungdomssenter!

Når og for kven??

  • 18.-20.februar TWEENSLEIR 4.-7 klasse (deltakeravgift kr 800,-)
  • 18.-20.mars TENLEIR for deg som går på ungdomssk. el. vgs (deltakeravgift kr 900,-)
  • 8.-10.april Ungdomsleir/ 16 + leir, for deg som er 16-25 år (deltakeravgift kr 900,-)

Kva er Actaleir på Fjordly?

Å vere på leir er noko heilt spesielt! Ei helg med fokus på fellesskap, der vi et, søv, syng, leikar, skravlar og lærer SAMAN! Her kan du vere deg sjølv, og vi ynskjer at alle skal bli sett for den dei er, både av små og store. Her får du moglegheita til å bli kjent med nye menneske og med Jesus. Det er uteliv, inneliv, hytteliv, sjøliv og liv i leiren frå tidleg til seint! Bli med då vel!!

Nyttig informasjon

Cirka ei veke før leirstart vil du motta eit informasjonsbrev per mail. Her vil du få info om pakkeliste, og om kva du kan legge att heime. Her finn du og tidspunkt for oppstart og avslutning, og litt om programmet

Prisen for den enkelte leiren står i lista øvst på sida. Leirprisen inkluderar medlemskap i leirklubben til Acta Sogn og Fjordane (gjeld leirar på Fjordly og Teigen). Ved å melde deg inn i leirklubben får du 50 kr i rabatt på seinare leirar same år. Prisen for medlemskapet er 50,- og medlemskapet har ingen forpliktelsar. Dersom du ikkje ynskjer å bli medlem aukar leirprisen med 50 kr, og kostar dermed tilsvarande summen som er oppgjeve i brosjyra.

Dersom du ikkje har råd til å reise på leir, ta gjerne kontakt med regionen for ordningar om leirstøtte.

Deltakerar på leir vil kunne bli avbilda til promotering av Acta sitt arbeid. Det er mogleg å reservere seg mot dette ved påmelding.

Påmelding kan du ordne via linken under. Bare velg leir i rullegardinmenyen og fyll inn din informasjon, så høyrer du frå oss. Påmeldingsfristen er ei veke før leirstart, etter dette aukar deltakaravgifta med kr 100,. https://www.normisjon.no/sof/leirpamelding/

Kva er Fjordly?

Fjordly er leirstaden vår på Bryggja/ Totland i Nordfjord.
Fjordly ligg på ein holme i tilknyting til fastlandet, og har eit stort uteområde til både båtliv, fotball, og andre kjekke aktivitetar. Hovudbygget byr mellom anna
på eit aktivitetsrom med bordtennis, biljard, jakkolo, minicurling, fussball. Du finn også ei koselig peisestove for peiskos, brettspel og prat, samt ein møtesal og ein matsal der vi får mykje god mat. Leir på Fjordly er hytteliv, uteliv og inneliv, Jesusliv, rangleliv, flørteliv og mykje, mykje meir! Vi gler oss til å treffe akkurat deg.

Kontakt

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med regionskontoret / Acta på mail eller tlf! acta.sof@normisjon.no Tlf: 92 04 63 49 / 57 86 63 49