Sommarfest og årsmøte

Har DU vore frivillig i Acta eller på Fjordly siste året? Då ynskjer vi å invitere DEG til sommarfest og årsmøte 06.08.2022. Vi ynskjer å gjere stas på DEG som har vore lagsleiar, leirleiar, kjøkkenhjelp, vaskehjelp, vaktmester, servitør, hjelpeleiar, slåttekar, malingsmester eller blomsterbed-lukar mm.

Det blir: FESTmiddag, FESTmøte, FESTkveld!

Det blir Tale ved Vegard Tennebø, Det blir lovsongsband. Det blir årsmøte i Acta. Det blir underhaldning, god drøs og garantert god stemning!

Program!

15.00 Vi opnar dørene!

15.30 Festmiddag

18.00 Årsmøte Acta og Leirklubben

19.00 FESTMØTE tale ved Vegard Tennebø

21.00 Kaffi og kaker

Etterpå: Sosial drøs og godt fellesskap!

Påmeldingsfrist 20.07.2022! 

Pris; 250 ,- for vaksen (over 21 år). kr 200,- for Actaungdom under 21 år.

Du kan melde deg på via https://www.normisjon.no/sof/kva-skjer/ eller ta kontakt med Acta (92046349) eller Fjordly (97713315) på tlf, så hjelper vi deg med påmelding! Meir info og program kan du finne på nettsidene, og facebooksidene våre!

Sakspapir:

Innkalling

Invitasjon sommarfest

Årsmelding Acta

Årsmelding leirklubben

Reikneskap leirklubben