Stilling ledig!

Vi søkjer etter vikar for Actaleiar i 100% stilling, med moglegheit for fast tilsetjing.

Acta- barn og unge i Normisjon er ein av Norges største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar, og har Normisjon som moderorganisasjon. Vi har eit bredt arbeid i region Sogn og Fjordane med kring 25 actafellesskap, og omlag 15 regionale leirar årleg fordelt på dei to leirstadane våre. Vi arbeidar tett saman med staben i Normisjon, og har regionkontor på Sandane. Acta Sogn og Fjordane har per i dag ei stilling i 100 %.

Vi søkjer deg som har eit hjarte for born, ungdom og Jesus!

Stillinga omfattar:

  • Leiartrening og leiarutvikling
  • Leirarbeid
  • Forkynning for born og unge
  • Oppfølging og utrusting av lokale leiarar og fellesskap
  • Administrative leiaroppgåver
  • Tett samarbeid med Normisjons sitt arbeid i regionen

Vi søkjer deg som:

  • Vil at born og unge skal bli kjent med Jesus
  • Er kreativ og engasjert
  • Er fleksibel, ansvarsbevisst og likar utfordringar
  • Kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Fgbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande
  • Erfaring i arbeid med born og unge

Den som blir tilsett må arbeide ut i frå Acta sin visjon og verdiar, Normisjons grunnreglar, og må framvise godkjent politiattest. Lønns- og arbeidsforhold føl Normisjon sitt regulativ. Ein må rekne med noko kveld- og helgearbeid.

Ynskja tiltreding: 1. februar eller etter nærare avtale

Søknadsfrist: 11.desember 2022

For meir informasjon om stillinga kontakt regionleiar Jostein Bildøy (95191332) jostein.bildoy@normisjon.no, eller noverande Actaleiar Stine Hopland (92046349), stine.hopland@normisjon.no.

Søknad med CV og referansar sendast til regionleiar i Normisjon Jostein.bildøy@normisjon.no