Utlysning fast stilling 100% Actaleiar

Acta Sogn og Fjordane er ein region i Acta – barn og unge i Normisjon som arbeider særleg for barn, ungdom og unge vaksne.
Acta Sogn og Fjordane har 21 lokallag, inkludert 13 Soul Children-kor. Vi arrangerer ei rekke leirar for barn og ungdom. Acta har regionkontor på Sandane, Gloppen, og basekontor i Førde, Sunnfjord.
Ledig fast stilling 100 %
Actaleiar i Sogn og Fjordane
Ønskjer du at born og unge skal få møte, følge og ære Jesus? Blir du engasjert av nytenking og å stadig nå ut til fleire? Vil du vere med på å styrke og vidareutvikle Acta-arbeidet i regionen vår? Då har vi ein jobb til deg!
Arbeidsoppgåver:
- Motivere, bygge og følgje opp leirarbeid, lokallag og frivillige
- Leiartrening og leiarutvikling
- Forkynning for barn og ungdom
- Administrative leiaroppgåver og personalansvar
Vi søkjer ein person som:
- Er begeistra for Acta sitt arbeid og ønskjer å vidareutvikle dette
- Har relevant pedagogisk/kristendomsfagleg utdanning
- Er kreativ, engasjert og nytenkande
- Er fleksibel, ansvarsbevisst og liker utfordringar
- Trivast med å jobbe med frivillige
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Har erfaring frå liknande arbeid
- Har sertifikat og bil
Den som blir tilsett må arbeide ut frå Acta sin visjon og verdiar. Løn- og arbeidsvilkår følgjer Normisjon sitt regulativ. Godkjent politiattest må leggast fram. Stillinga inneheld noko kvelds- og helgearbeid, og nokre reiser må medreknast.
Tiltreding i stillinga 1. september, eller etter avtale. Søknadsfrist: fredag 26. mai 2023
For meir informasjon ta kontakt med regionleiar Jostein Bildøy, tlf. 95191332.
Søknad og CV sendast til jostein bildoy@normisjon.no.
Skriv i søknaden om du ønskjer kontorstad på Sandane eller i Førde.
Meir om arbeidet vårt finn du på