Ei kyrkje under korset
Tekst: Gjermund Lygre
Normisjon jobbar i land der det er vanskeleg å vere kristen. Opne dører fortel at over 1100 kristne mista livet for si tru i 2016.
No er mange av dei som har måtta flykte i flyktningeleirar som opplever kummerlege kår. Fleire rapportar frå mellom anna Hellas fortel om fryktelege forhold for flyktningane. Fleire som har jobba for å hjelpe menneske på flukt er sjokkerte over kor dårlege forholda er. Kulde, dårlege sanitære forhold, lite klede, matmangel og uvisse om framtida pregar mange menneske i desse leirane.
På lista over dei 50 verste landa for kristne rundt om i verda finn vi Bangladesh, India, Bhutan og i Mali.
På Opne dører sine nettsider står står det fylgjande om situasjonen i India:» Kristne organisasjoner i Delhi sier nå at det hver eneste måned er om lag 40 hendelser der pastorer blir banket opp, kirker brent ned, konvertitter forfulgt. Bare i år har åtte kristne blitt drept på grunn av sin tro. Som World Watch-analytikeren for India konkluderer med: «Det er ikke bare et spørsmål om vold. Men om at friheten i det indiske samfunnet smuldrer opp, og at radikale hinduister praktisk talt går ustraffet fra sine ugjerninger.»
I Mali ser ein at islamistiske grupper har stor makt og påverknad særleg i aust og nord. Myndigheitene erkjenner at dei mange stader ikkje har kontroll på sikkerheita utanom dei store byane. Folk og grupper lagar seg eigne paramilitære grupper som skal forsvare deira interesser, deira folkegruppe. I maliske aviser blir det fortalt at dogonfolket har ei gruppe på ca. 1000 jegerar som skal forsvare folket mot kriminalitet og islamistar. Dette fortel noko om alvoret i situasjonen.