Ein dag på butikken

Tekst/foto: Gunn Bjørg Slåtto

Nyttige bruksting, som ismaskin…

Normisjon sin gjenbruksbutikk på Haugalandet ligg i Aksdal, og er ein del av Aksdal senter. Du finn den like rundt hjørne for busstasjonen, og fin å stikka innom når du er på senteret. Kanskje finn du «ein skatt» her – noko du manglar på eit servise – noko du hugsar frå farne tider, men som du har mista – noko du ikkje visste fans – noko du har hatt lyst på lenge!

Utafor døra er der ein vask full av sommarblomar som inviterer til ein butikk med mange fine varer, men som regel berre ein av kvar sort! Vi startar dagen med bibelord/visdomsord og bønn om velsignelse over dagen. Så går dagen med folk innom stort sett heile opningstida, 50-70 kvar dag. Vi har ein kaffikrok der det er råd å setja seg ned til kaffi/te og av og til litt heimebakt, og til ein prat. Det er mange som set pris på denne kroken. Det er ein dugnadsgjeng på godt over 50 stk som ordnar det praktiske rundt og i butikken, og har du lyst å vera med i den gjengen, er det berre å ta kontakt med Gunn Bjørg Slåtto, tlf 92094785.