Ne pars pas en mer!

Tekst/foto: Gjermund Lygre

Det er mer fremtidsrettet å plante en hage enn å dra på havet.

Det er namnet på ein organisasjon som arbeidar for å motivere ungdom i vest Mali til å bli heime og skaffe seg ei framtid i eige land. På norsk blir det «Dra ikkje på havet».

Nokre ungdomar i og frå Oussoubidiania har teke initiativet. Dei har starta med informasjonsarbeid om farane med å dra på havet. Dei kjenner alt for mange som har døydd i ørkenen, er drept i Libya eller drukna i Middelhavet. I år vil dei informere ungdom i 5 kommunar i Bafoulabé fylke.

NPPM jobbar aktivt for å hjelpe ungdom til å skaffe seg arbeid. Dei vil hjelpe folk i gang med ulike yrker som til dømes snekker, frisør, sveisar, hagebruk og jordbruk. Dei har kome i gong med ein hage og det er kjekt å sjå at det nyttar. Dei er gode forbilde for unge menn om at det kan vere både nyttig, kjekt og økonomisk gunstig å jobbe i hage, der det elles mest er kvinner som jobbar. Men så kom det ei alt for kraftig regnbyge og drog med seg heile gjerdet. Det er ikkje lett!